Husby vart funnen etter ein større leiteaksjon i området mellom Florø og Kalvåg i Bremanger, etter at snekka til hobbyfiskaren vart funnen i drift nord for Seljestokken. Staden der mannen vart funnen ligg på øya Hovden rett vest for Seljestokken.
Helikopter og båtar var med i søket, og det vart også leitt frå land ved Frøysjøen og sørover.
La ut kring midnatt
Rett etter midnatt reiste Husby ut frå Kalvåg i Bremanger for å fiske. Det vart slått alarm då båten hans vart funnen drivande i sjøen ved Seljestokken mellom Kalvåg og Florø litt før klokka ni fredag morgon.
Snekka vart funnen i drift ved Seljestokken (raud stjerne). Den omkomne låg i sjøen ved øya Hovden. (Kart: Arild Nybø, NRK og Statens Kartverk)