Hopp til innhold

«Sakene har heile tida vore viktigast»

Sogn og Fjordane KrF heng ikkje med leppa sjølv om moderpartiet ikkje vil sitje i regjering med dei blåblå partia.

Fylkesgruppeleiar Trude Brosvik og fylkesleiar Norunn Lunde Furnes

NØGDE: KrF kom ikkje i regjering, men fylkesleiar Norunn Lunde Furnes (t.h.), her saman med fylkesgruppeleiar Trude Brosvik, er mest oppteken av sakene dei har fått gjennomslag for i avtalen med regjeringspartia Høgre og Frp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Måndag kveld vart det klart at Høgre og Frp skipar ei topartiregjering. Det betyr at verken Venstre eller KrF er med når regjeringspartia startar forhandlingane om ein regjeringsplattform i dag.

Derimot meiner dei to sentrumspartia att dei har fått gjennomslag for ei lang rekkje saker i regjeringssonderingane.

– Vi har gått til val på å få ei ny regjering for landet vårt. Det har vi stått ved. Vi har delteke i sonderingar, vore konstruktive og har sett at den avtalen vi no får gir oss påverknad samstundes som vi ikkje er i regjering, seier fylkesleiar Norunn Lunde Furnes.

– Eit klokt val

Bjørn Lødemel

NØGD: Bjørn Lødemel (H).

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fylkesleiaren er meir oppteken av sakene dei har fått gjennomslag for i avtalen, enn at dei ikkje er med i regjeringa.

– Det trur vi er det klokaste valet no. Vi fekk 5,6 prosent ved valet, og det var ikkje noko valskred for oss. Vi kunne difor ikkje ha venta allverda ut frå det resultatet vi fekk ved valet, seier Lunde Furnes.

I Høgre har fylkesleiar, og stortingsmann, Bjørn Lødemel trua på ei handlekraftig regjering.

Nøkkelposisjon

Frank Willy Djuvik

NØGD: Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, er på si side over seg for det han skildrar som ein grundig framforhandla parlamentarisk avtale på Stortinget.

I Venstre meiner ungdomsleiar, og også han stortingspolitikar etter haustens val, Sveinung Rotevatn, at partiet har sikra seg ein nøkkelposisjon.

– Framover får vi ein situasjon der regjeringa samarbeider forpliktande med oss i det daglege arbeidet på Stortinget, og det gir Venstre gjennomslag, og ikkje minst armslag til å markere eigen politikk og til å få gjennom eigen politikk, seier Rotevatn.

Nøgd med avtalen

Sveinung Rotevatn

UTANFOR: Venstre og Sveinung Rotevatn.

Foto: Alf Vidar Snæland

Lunde Furnes ramsar opp den eine symbolsaka etter den andre som viktig for dei. Som at studentar som ventar barn kan få auka eingongsstøtte, betre kår for frivillige organisasjonar, ei varsla kommunereform og oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Vidare har fastlegane fått reservasjonsrett mot abort, asylborn som har budd lenge i landet har fått amnesti og det blir ikkje lagt opp til noko liberalisering av alkoholpolitikken. I tillegg skal kristendom få ein større del i religionsfaget.

– Eg er veldig nøgd med det dei har kome fram til. Forhandlarane har gjort ein veldig god jobb for KrF, seier ho.

Oppnår meir

– For oss i KrF har heile tida sakene vore det viktigaste, legg Furnes til og repeterer uttalen til partileiar Knut Arild Hareide om at partiet har fått til meir på miljø enn SV har gjort på åtte år i regjering.

– Du seier de har fått til alt dette i løpet av to veker, men kor mykje meir kunne de fått til om de sat i regjering?

– Det er ein balansegang her. Kor mykje kan vi vere ansvarlege for i regjering? Kva er best, avtale eller å sitje i regjering? For KrF har dette vore eit vanskeleg val, men eg trur vi har landa på ei veldig klok avgjerd. Saman med Venstre oppnår vi meir saman som eit vippeparti i Stortinget, der vi har forplikta oss til å støtte regjeringa.