Kongen og Dronninga vart mottekne av ordførar Erling Stadheim på Vangsnes kai.
For 90 år sidan deltok Kong Haakon då keisar Wilhelm avduka den store Fridtjov-statuen på Vangsnes. I dag er sonesonen tilbake ved statuen av segnfiguren.
Like innanfor porten av parken vart han og Dronninga møtt av skuleelevane Jøran Berdal og Lena Breilid Skogheim. Ordførar Erling Stadheim ønskte dei Kongelege velkomen, og Jens Brekke introduserte det ni minuttar lange "Fridtjovspelet". Spelet vart framført av elevar frå Vangsnes skule, og kora i kommunen song "Sognasongen" for kongeparet.
Dronning Sonja møter borna frå Vangsnes skule. Dei framførte Fridtjov-spelet ved statuen.
Besøket i Vik held fram med besøk av to 1. klassar ved Flatbygdi skule i sentrum av Vik. Seinare skal paret vere med på den offisielle opninga av visningssenteret for gamalost. Vik er innehavar av det einaste gamalostysteriet i verda.
Det flotte veret i Sogn held seg også i dag. Då kongeparet kom til Vik var det lettskya opphaldsver og svært varmt.