Hopp til innhold

Bjarne såg denne i Bremanger for ein månad sidan - er det same ulv som er sett i Stryn?

Bjarne Pedersen og kona trudde mest ikkje sine eigne auge då dei var på veg frå Bremanger til Florø for ei veke sidan. Knapt 15 meter frå bilen deira, rusla ein ulv, på sjølvaste Bremangerlandet.

ulv

LIKNAR: Her er biletet som kona til Bjarne Pedersen tok då dei var på veg til Florø for ein knapp månad sidan.

Foto: Pedersen

– På veg opp gjennom Kongsdalen, oppe på høgda, rett før Oldeidstunnelen, der kom ulven mot oss. Han var berre 15 meter frå oss, på veg opp og over vegen, fortel Bjarne Pedersen, om observasjonen 7. august.

Det var kona hans som først fekk auge på rovdyret, og då stoppa Pedersen bilen.

– Eg heiv mobilen bort til henne, og bad henne ta bilete. Det gjorde ho, akkurat idet han la i veg og sprang nedover. Men vi såg han så lenge at vi er sikre på at det er ulv, seier Pedersen.

Måndag hevda to personar å ha sett ulv i Stryn. Observasjonane skal ha vore gjort uavhengig av kvarandre, på to forskjellige plassar. No lurer Pedersen på om det kan vere same ulven.

Er bombesikker på at det er ulv

Pedersen sende biletet både til lensmannen i Bremanger, og til Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn. Sjølv er han ikkje i tvil om at det var ulv dei såg.

– Han var så nær oss, så det slo oss med ein gong at det var ulv. Eg er bombesikker, seier Pedersen.

Han fortel at fargane og forma på dyret, gjer han sikker på at det var ulv.

– Vi såg det att då vi stoppa opp etter å ha teke biletet, seier Pedersen.

Ville springe etter, men ombestemde seg

Han var først på veg for å ta meir bilete av ulven, men så ombestemde han seg.

– Eg sprang ut av bilen for å springe vidare nedover og sjå. Men eg var litt skeptisk til om han kunne vere aggressiv, så eg gjekk til slutt inn att i bilen, seier Pedersen.

Han likar dårleg dersom det no er komme ulv i området i Bremanger.

– Det er ikkje bra i det heile, seier Pedersen.

Han ringde ein gardbrukar som har dyr i nærleiken, for å varsle.

– Sidan eg såg det var ulv i Stryn, så tenkte eg, kan det vere same ulv som vi såg her i Bremanger? Dei vandrar jo langt, seier Pedersen.

Er veldig ulvelikt

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn stadfestar at dei har fått inn fleire observasjonar av ulv.

– Vi har fått inn eit bilete av eit ulveliknande dyr på Bremangerlandet. Og så er det gjort to synsobservasjonar i Stryn i går, som er dei sikraste meldingane vi har fått, seier rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Rein-Arne Golf.

Han legg til at han har sett nøye på biletet frå Bremangerlandet.

– Vi kan ikkje avvise at det kan vere ein ulv, for det er veldig ulvelikt. Men vi kjenner også til at det er hundar i dag som er avla fram til å vere veldig ulvelike, så vi kan ikkje, berre på bakgrunn av biletet, slå fast at det er ulv, seier Golf.

Hadde like fargar og teikningar

Men han understrekar at det er fleire trekk ved biletet som gir klare indikasjonar på det kan vere ein ulv.

– Fargen og teikningane i pelsen, samt haldninga til dyret, slik vi ser det. Men vi treng anten hår eller ekskrement, slik at vi kan ta ein DNA-profil, og slå fast med sikkerheit om det er ulv eller ikkje, seier Golf.

Så dersom folk ser dette dyret, eller finn pels eller ekskrement av det dei trur er ulv, er det berre å ta kontakt.

– Ta kontakt og gi oss opplysningar, slik at vi kan sikre det, seier Golf.

Dei kjem ikkje til å reise ut for å aktivt leite etter spor.

– Det vil vere heilt håplaust, og som å leite etter ei nål i ein høystakk. Det vil ikkje vere praktisk for oss å gjere, seier Golf.

Avstand betyr ingenting

– Vi kan ikkje utelukke at det er ulv i Sogn og Fjordane. Men Bremangerlandet er veldig langt vest, og det er også på ei øy, så det gjer at vi er litt skeptiske til at det er ulv eller ikkje. Men vi kan ikkje utelukke det. Ulven går over store avstandar, seier Golf.

– Kor langt kan dei vandre?

– Det er umogleg å seie. Men avstandar betyr ingenting for rovviltartane våre, seier Golf.