Hopp til innhold

Såg sonens OL-draum hamna i vatnet etter årevis med trening: – Eg fraus nesten til is

I 13 år har duoen rodd saman. Aldri har dei hamna i vatnet før. – Absurd og bittert, meiner far til Kristoffer Brun.

Hilde Onarheim og Hans Jørgen Brun, familien til Kristoffer Brun.

FORFERDELEG: Hans Jørgen Brun seier uhellet sonen var ute for var forferdeleg. Samstundes minner han om at det har skjedd verre ting på idrettsarenaar.

Foto: Kaja Hauge / NRK

– Eg blei heilt kald og fraus nesten til is, seier Hans Jørgen Brun, far til Kristoffer Brun.

Duoen var ein av dei største norske medaljehåpa før OL. I årevis har dei trent saman, reist og budd saman på konkurransar, og haldt vekta nede.

Ikkje minst har dei prestert godt internasjonalt. Tokyo-OL skulle vera den siste medaljekampen, før rokarriera til Are Strandli var over. Så skjer det som ikkje skal skje.

Eit vindtak gjer at Strandli missar på to tak, og plutseleg har båten velta. Brun og Strandli hamnar i vatnet.

– Dei har rodd saman i 13–14 år og aldri vore i vatnet. Så skjer det i ein semifinale. Det er bittert og heilt absurd, seier Hans Jørgen Brun då NRK møter han seinare på dagen.

Sommer-OL i Tokyo 2021

VELT: Vind på OL-arenaen i Tokyo gjorde at Are Strandli og Kristoffer Brun velta med dobbeltsculleren.

Foto: Lise Åserud / NTB

Stolte av handteringa

Etter velten rodde Brun dobbeltsculleren i mål, medan Strandli kom seg opp i ein redningsbåt. Vel i land fekk dei trøyst av OL-veteran Olaf Tufte.

– Eg sa eg var lei meg (til Tufte). Det er eg som mista åra, sa Strandli til pressa etter uhellet.

– Det er ikkje sånn det fungerer. Ein er et lag, og ein ror saman, svarte Brun, skriv NTB.

At dei stilte opp berre eit kvarter etter velten, meiner Brun si bonusmamma Hilde Onarheim er fantastisk.

– Dei viser at dei er så tøffe og dedikerte, og så gode vener. Dette er Kristoffer. Han meinte det frå det inste i sitt hjarte. Han er heil ved, og han bryr seg, seier ho.

Onarheim er sikker på at Brun er lei seg, og at det vil ta tid å bearbeida sorga. Hans Jørgen fortel at han har prøvd å trøysta sonen.

– Det som er typisk han er at han har prøvd å muntra meg opp og. Han har sagt «dette går bra, pappa», seier Hans Jørgen Brun.

Strandli og Brun med klem

GAMALT EKTEPAR: Dei to karakteriserer seg ifølgje Hans Jørgen Brun som eit gamalt ektepar. her klemmer dei etter velten.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Skal sørgja for at han blir tungvektar

Brun og Strandli har hatt eit strengt regime som lettvektarar. Brun har trent åtte timar om dagen kvar dag, utanom onsdag og søndag. Då er det i staden fire timar.

– Og så har dei hatt eit forferdeleg regime når det gjeld mat. Når han kjem heim igjen, er det slutt på teljinga av kaloriar, seier Onarheim.

Tida som lettvektar er ifølgje Onarheim også definitivt slutt for Brun.

– Me skal sørgja for at han blir ein tungvektar. Når han kjem her skal han få så mykje god mat og drikke han ynskjer, seier ho.

Jobbar og studerer i tillegg

I tillegg til å ha trent nesten 50 timar i veka dei siste åra, har Brun også teke meisterbrev som tømrar, og driv eit lite firma. Han har også byrja å studera til å bli arkitekt.

– Ingenting kjem seglande gratis. Eg skjønar ikkje at han får tid til alt, seier faren.

Uansett er familien sikre på at dei vil at Brun skal fortsetja rokarriera.

– Han har så mykje potensial. Det er dette han elskar, seier Onarheim.

Hilde Onarheim og Hans Jørgen Brun.

TUNGVEKTAR: Bonusmamma Hilde Onarheim lovar Kristoffer Brun både mat og vin når han kjem heim att.

Foto: Kaja Hauge / NRK