Såg røykskya frå bilen og fekk panikk: – Eg tenkte at dottera mi er inne

FLORØ (NRK): Dottera låg heime og sov medan pappa Cazim Seles var på butikken. Då han kom heim velta det røyk ut av nabohuset.

Cazim Seles eig eitt av dei fire husa som brann ned i Florø onsdag.

PANIKK: Cazim Seles eig eitt av dei fire husa som stod i full fyr i Florø. No er han sjeleglad for at dottera er uskadd.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Då eg køyrde inn i gata og såg røykskya over huset mitt, fekk eg heilt panikk. «Dottera mi er der inne og søv» tenkte eg, seier Seles.

Han var ute og gjorde nokre ærend, og hadde vore vekke i om lag 40 minuttar. Då han kom tilbake til Torvmyra såg han røyken steig opp mot himmelen frå same side av gata huset hans låg.

Det var onsdag ettermiddag at det braut ut ein bustadbrann i bustadfeltet Torvmyra i Florø.

Brannen starta først i eitt hus, men kort tid etter stod fire hus i full fyr.

Med hjarta i halsen kom han på at dottera hans låg inne og sov. I panikk køyrde han mot huset sitt.

Der såg han dottera stå trygt utanfor rekkehusa, som no var i full fyr, saman med politiet.

– Det er vanskeleg å forklare med ord. Eg er berre glad for at dottera mi kom seg ut utan skade.

Visste dei andre var på ferie

Det er trist å miste huset, seier han. Det er mange minner knytt til heimen. Likevel er det berre eit bygg, og det materialistiske tapet bleikna samanlikna med dottera sin tryggleik.

Han vart uroa for naboane i Torvmyra, men han visste at dei tre andre leilegheitene som brann, stod tomme. Naboane var alle vekke eller på ferie.

Stigebil riggast opp for å slokke bustadbrann i Florø.

OVERTENT: Fire leilegheiter blei overtente i eit bustadfelt i Florø onsdag. Brannvesenet hadde vanskar med å kople seg på vatnet.

Foto: Sunniva Knutsen / NRK

Kjende røyklukt

Lene Haugen (34) bur rett over gata frå Seles. Ho var heime og heldt på med husvasken. Dei to borna hennar og ei venninne av dei leika med lego i stua.

– Eg gjekk ned i underetasjen for å støvsuge. Brått kjente eg kraftig røyklukt. Eg sprang opp og såg ut vindauge og såg då at det brann i nabohuset, seier ho.

– Eg fekk så med meg ungane ut og ringde brannvesenet. Men då såg eg akkurat at det stod ein brannbil ute, så då la eg på og gjekk der ifrå.

Då NRK snakkar med ho, sit Haugen med dei tre borna kring seg på tribunen ved den vesle kunstgrasbana på Torvmyrane skule og ser på sløkkingsarbeidet.

Lene Haugen var ein av dei som varsla om brannen i Florø onsdag.

VARSLA: Lene Haugen var ein av dei som varsla om brannen på Torvmyra i Florø onsdag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Overnattar hjå vener

Kommunedirektør i Kinn kommune, Terje Heggheim opplyser til NRK onsdag kveld at Seles og dottera har fått tak over hovudet for natta.

– Alle skal vere under hus no. Kommunen er på plass med leilegheiter til dei i morgon, seier Heggheim.

Dei fekk tilbod om leilegheit frå kommunen onsdag, men dei ønskja å overnatte hjå vener.

Kinn kommune har sett inn kriseteam i lys av hendinga.

– Det som er viktig no er å ta hand om dei som er råka av dette. Vi har difor etablert eit kriseteam, sa Heggheim onsdag ettermiddag.