Hopp til innhold

– Mor har vondt for å forstå det

Mora skulle flytte inn i nyoppussa hus om ein månad. I natt brann det ned til grunnen.

Brann på Djønno

MÅ STARTE PÅ NYTT: Brørne hadde totalrenovert huset som så å seie var klart. I natt tok det fyr og brann ned til grunnen.

Foto: 03030-tipser

– Huset var totalrenovert, og mor såg for seg å flytte inn om ein månads tid. Ho berre rista på hovudet. Har vondt for å forstå det, fortel Svein Djønne.

I natt blei han vekt av ein telefon frå broren som hadde vakna av knitring frå brannen.

LES OGSÅ: – Flammene sto 15 meter opp i luften

– Eg såg brannen då eg såg ut glaset frå soverommet, og då eg kom ned var heile hovudhuset brent ned. Berre stillaset sto att, fortel han.

– Nedbrent på ein halvtime

Ved sida av sto nausta i full fyr, i tillegg til eit mindre eldre kårhus som nett hadde begynt å brenna.

Det var ei svær ildkule, ingenting å gjera. Vi hadde ikkje utstyr og alt gjekk veldig fort.

Svein Djønne

– Det var ei svær eldkule, ingenting å gjera. Vi hadde ikkje utstyr og alt gjekk veldig fort. På ein halvtime var alt brent ned, fortel han.

Brannvesenet brukte ein time på å slå ned flammane. To av bygningane som brann var tømmerhus, og brannsjef Egil Holven i Eidfjord, Ulvik og Granvin, fortel at dei brann godt og lenge.

Spreidde seg frå huset

Brannen starta etter alt å dømme i huset som var under oppussing, og spreidde seg til nabobygningane.

I 10-tida onsdag føremiddag var brannvesenet framleis på staden og dreiv med ettersløkking.