Hopp til innhold

Saft og syltetøy gir overskot

Lerumkonsernet hadde i fjor eit overskot på 20,8 millionar kroner før skatt. Det er to millionar kroner betre enn året før.

Trine Lerum Hjellhaug
Foto: Anne Lise Urdal

Etter ein litt svak start på året, fekk Lerum større fart på salet i 2. halvår i fjor. Lerum har dei siste åra investert mykje i produksjonsanlegg, marknadsføring og kompetanseutvikling.

Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug seier dei har hatt eit år der merkevarene deira har gått bra.

– Vi har teke marknadsdelar både når det gjeld saft og syltetøy. Det har bidrege til resultatet, saman med fokus på kostnader og hardt arbeid frå alle tilsette, seier ho til NRK.