Hopp til innhold

Så turkis er Hardangerfjorden at du kan sjå han frå verdsrommet

Kvart år blir mange fjordar farga turkise av ein alge. I år var Hardangerfjorden ekstra tidleg ute.

Fruktblomstring og grønt i Hardangerfjorden

IDYLL: No er det både algeblomstring og fruktblomstring i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Fargen skuldast ei mikroskopisk alge, seier havforskar Lars-Johan Naustvoll ved Havforskingsinstituttet.

Det er den harmlause kalkalgen Emiliani huxleii som har farga Hardangerfjorden turkis.

Dette er eit årleg fenomen som til og med blir synleg frå verdsrommet. På satellittbileta frå NASA kan du sjå det flotte naturfenomenet tydeleg.

I år kom blomstringa om lag ein månad før tida, ifølgje Havforskingsinstituttet. Naustvoll seier det er eit uvanleg alge-år.

– Det er heilt vanleg at algane blomstrar i sjøen i sommarhalvåret, men i år skjedde dette om lag ein månad før det som er vanleg.

Varmt i mai

I år starta blomstringa allereie i starten av mai. Forskarane er ikkje heilt sikre på kvifor dette skjer av og til, men Naustvoll seier dei har ei meining om det. For kalkalgen treng sol og lite vind.

– Det var varmt, solrikt og vindstille ein periode. Vi har også sett tidlegare at tidlege sommardagar kan gi oppstarten til algane.

Og den fine fargen ser du ikkje berre i Hardangerfjorden, men også i andre fjordar på Vestlandet.

Satellittbiletet viser kalkalgeoppblomstringa i Hardangerfjorden, og er teke 30. mai. (Foto: NASA Worldview data)

Satellittbiletet viser kalkalgeoppblomstringa i Hardangerfjorden, og er teke 30. mai.

Foto: NASA Worldview data

Farleg å stupe

Sjølv om den vesle kalkalgen ikkje er farleg, fører den likevel til utfordringar. For når oppblomstringar er slik som no, er det lite lys som trenger ned i vatnet.

– Vi veit at vill fisk som står i fjordane trekkjer ut, for fisken treng sikt for å finne mat. Difor blir det vanskelegare å få seg ein fiskemiddag.

Meir alvorleg for oss menneske at det er farleg å stupe når det kanskje berre er 30 centimeter sikt ned i vatnet.

– Det er ikkje farleg å svømme i fjordane, men ver forsiktig med å stupe.

Det turkise synet kan truleg nytast eit par veker til.

– Dette har jo vart nesten ein månad allereie, så eg trur oppblomstringa er ferdig om to veker, seier forskaren.

Ver obs på giftige skjel

Men det er ikkje berre kalkalgen Emiliani huxleii som er tidleg ute. Det er også algearten Dinophysis acuta. Og denne kan gi deg trøbbel.

– Vi har mikroskopiske eincella algar som produserer ganske kraftige toksinar. Dette finn vi langs heile kysten. Normalt blomstrar om Dinophysis acuta hausten, men i år kom den uvanleg tidleg enkelte stader. Den kan gi deg diare om du et forgifta blåskjel, fortel han.

Også den vanlege vårblomstraren Alexandrium er farleg. Han lagar nervegifta PST. Naustvoll har eit godt råd.

– Følg blåskjelvarselet til Mattilsynet. Per no er det ikkje tilrådd å ete blåskjel på Vestlandet.