Hopp til innhold

Så tung at den fekk slagside: Slik køyrde den polske varebilen på E39

Alt for tung, skeivt lasta og med eitt tonn usikra bilbatteri på lasteplanet, vart varebilen stoppa i Førde torsdag. – Sjokkerande, seier kontrolløren i Statens vegvesen.

HEILT PÅ SKEIVA: Slik køyrde den polskregistrerte rundt. Sjåføren blir politimeld av vegvesenet.

HEILT PÅ SKEIVA: Slik køyrde den polskregistrerte rundt. Sjåføren blir politimeld av Vegvesenet.

Foto: Statens vegvesen

Torsdag fekk Vegvesenet ein telefon frå ein vogntogsjåfør på E39 mellom Jølster og Førde om at ein polsk varebil såg ut til å ikkje ha alt på stell.

Ved hjelp av politiet fekk inn stoppa bilen ved trafikkstasjonen i Førde. Kontrollen der avdekka mykje gale.

USIKRA: Bilbatteria låg usikra bak i det eine hjørnet. I tillegg var det nokre møblar og madrasser i bilen.

USIKRA: Bilbatteria låg usikra bak i det eine hjørnet. I tillegg var det nokre møblar og madrassar i bilen.

Foto: Statens vegvesen

Skreiv, tung og usikra

Bilen vog heile fem tonn, trass i at tillaten totalvekt var 3,5 tonn. Bilen var lasta med blant anna eitt tonn med gamle bilbatteri, som låg usikra bak i det eine hjørnet.

Vekta på bakakslingen var 3,7 tonn. Altså var det meir vekt på éi aksling enn heile bilen er godkjend for.

– Det var knapt eg trudde mine eigne auge, då han køyrde på vekta og me såg at han var tyngre på bakakslingen enn heile bilen har lov å vera, seier Geir Leon Hetle i Statens vegvesen.

Ulovleg fjæringsystem

ULOVLEGE DEMPING: I tillegg til alt det andre, hadde bilen ei ikkje godkjend ombygging av dempinga.

Foto: Statens vegvesen

Kan ha forhindra ulukke

Bilen var tydeleg skeiv mot den sida batteria låg på. Hetle skryt av vogntogsjåføren som varsla dei, og seier det er grunn til å tru at han forhindra ei ulukke med å melda frå.

– Batteria kunne både velta og falt av. Med så mykje overlast så er det ein fare for at dekka eksploderer. Og ikkje minst bremsane, dei er ikkje dimensjonerte til å stoppa bilen med så mykje overvekt om han måtte stoppa raskt, seier Hetle, som er meldt føraren til politiet for brota.

– Det er heldigvis ikkje så veldig ofte eg ser slikt, fastslår Hetle.

Varebil med overlast, Førde veg- og trafikkstasjon

LITEN LASTEBIL: Den vesle Iveco-en er bygd for lettare oppdrag, men hadde ei tung bør å bere.

Foto: Statens vegvesen