Akiak (4) har 25.000 følgjarar

Den fire år gamle huskyen Akiak har 25.000 følgjarar på Instagram. Eigaren har til og med sagt opp jobben sin for å gå på tur med hunden.

Den fire år gamle huskyen Akiak frå Bergen er blitt ein kjendis på Instagram. I skrivande stund har han heile 25.000 følgjarar.

– Eg trur han har merka det, for han har fått litt divafakter. I dag stal han ei pølse frå kjøkenbenken. Det har han aldri gjort før, fortel eigaren Henrik Vikse.

Går verda rundt

Henrik vikse

TURKAMERATAR: Henrik Vikse og Akiak reiser på lange turar heile året.

Foto: Privat

Kontoen er eigentleg ei slags turdagbok, der Vikse tar bilete av Akiak og andre hundar dei treff til fjells over heile landet. Responsen har vore enorm.

– Først fekk vi mange følgjarar frå rundt om i verda. Dei siste vekene har det vore veldig mange frå Skandinavia. Eg trur både hund og friluftsliv sel bra for tida, så vi trefte kanskje på rett tid, fortel Vikse.

Store internasjonale medium som Playboy, Daily Mail og Bored Panda er mellom dei som har omtalt Vikse sin Instaram-konto @akiakthehusky.

– Det har tatt heilt av. Eg oppretta eigentleg kontoen berre på moro. Ambisjonsnivået var ikkje høgt, men det er veldig kjekt å få så mykje positiv respons, seier Vikse.

Akiak the dog - instagram

TIL FJELLS: Snart kjemt vinteren som er favorittårstida til Akiak.

Foto: Henrik Vikse

Sa opp jobben for å gå tur med hunden

For rundt eit år sidan bestemte Vikse seg for å seie opp jobben for å gå meir på tur med Akiak.

– Eg har lenge hatt lyst til å gå på lenger turar, og då blir fellesferien på sommaren litt lite. No driv eg med sesongarbeid og studerer, så då blir det mykje meir tid til tur, fortel Vikse.

Han trur ikkje Akiak klagar på hans nye livsstilsval heller.

– Nei, vi reiser på tur så ofte som mogeleg. No kjem snart vinteren så då er det klart for dei lengste turane. Då går eg på ski og så drar Akiak. Han likar godt å arbeide litt, fortel Vikse.

Det er fire og eit halvt år sidan dei to blei turkameratar. Medan Akiak ikkje ser ut til å bry seg om all merksemda, er Vikse sjølv litt meir tilbakehalden.

– Eg likar å leve så anonymt som mogeleg. Det er greitt at Akiak tar seg av rampelyset, seier Vikse.

akiak the dog- instragram
Foto: Henrik Vikse