Hopp til innhold

Sa nei til å sikra nynorske læringsressursar laga for skulen

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikra nynorske læringsressursar som er laga for skulen.

– Det er heilt uforståeleg at fleirtalet på Stortinget ikkje vil modernisera opplæringslova slik at ho blir tilpassa den digitaliserte framtida i skulen. Dette er eit stort tap for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

I utdannings- og forskingskomiteen fekk Ap og Sp med seg Høgre og Frp for å halda nynorskkravet ute av lova. Medan Raudt, SV og Venstre ville vedta ei lovendring.

– For over 50 år sidan vedtok Stortinget at læremiddel skulle koma til same tid og til same pris på nynorsk og bokmål. I ein skulekvardag med fleire og fleire appar bryt Stortinget no i praksis dette prinsippet, seier Hauge.

Både Utdanningsforbundet, Forleggerforeningen, Språkrådet, Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og 121 ordførarar i Noreg har bede om lovendringa.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner dei som produserer læremidla i dag utnyttar regelverket og at skiljet mellom læremiddel og læringsressurs er konstruert og kunstig.
Foto: Tuva Åserud / Fotograf Tuva Åserud