Hopp til innhold

Så nær var traileren å dundre i huset

– Eg måtte gni meg i auga då eg kom ut på kjøkkenet, seier Roar Starheim. Medan han låg og sov dundra den 30 tonn tunge semitraileren mot huset hans – før den stoppa berre tre-fire meter frå veggen.

Trailer utfor vegen på Stårheim.

I HAGEN: Sjåføren fekk sleng på hengaren og hamna i hagen då han køyrde over ein fartsdump på riksveg 15 på Stårheim.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ingen vart skadde, men berre flaks hindra at den mange tonn tunge semitraileren ikkje knuste huset der Starheim låg og sov fredag morgon.

– Eg vakna av nokon rumling som eg trudde var ein traktor ute på tunet, fortel Starheim til NRK.

Han stopp opp og gjekk ut på kjøkkenet, der han sleit med å tru på det han såg. For ute i hagen, få meter frå husveggen, stod ein stor semitrailer.

– Det kunne gått mykje verre. No er det berre hekken som er øydelagt. Traileren kunna ha kome inn i huset til meg. Eg prisar meg lukkeleg over at det gjekk bra, seier Starheim.

– Oppleving for livet

Huset han leiger ligg berre nokre få meter frå den sterkt trafikkerte riksveg 15 på Stårheim, mellom Måløy og Nordfjordeid.

– Eg har tenkt tanken på at noko slikt kunne skje, men stort sett køyrer bilane fint, seier Starheim.

Sjølv vart han likevel ikkje så skremd.

– Ei opplevingar for livet, oppsummerer Starheim dramatikken fredag morgon.

Trailer utfor vegen på Stårheim.

KREVJANDE: Bergingsarbeidet var ganske omfattande, og bilbergarane måtte bruke fleire timar på å få traileren ut av hagen, få meter unna husveggen til Roar Starheim.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Sjåføren: – Eg miste kontrollen

Til lokalavisa Fjordabladet seier sjåføren på semitraileren at han ikkje såg fartsdumpen på riksvegen, og at han fekk sleng på hengaren og mista kontrollen. Sjåføren vart ikkje skadd, men fortel at det var ei skremmande oppleving og at han er glad for at han ikkje trefte husa.

– Han har vore heldig, stadfestar nabo og bilbergar Georg Piel, som driv verkstad og har bergingsbil berre nokre få meter frå der utforkøyringa skjedde.

Far og son rykka ut

Han var raskt på plass fredag morgon, og då det lysna starta han og sonen arbeidet med å få traileren på vegen igjen.

– Bergingsarbeidet har gått greitt, men det er eit omfattande arbeid. Den sat godt fast i myra og snøen, fortel Piel til NRK i lunsjtider fredag. Då har dei klart å få traileren ut på ein sideveg, før dei skal slepe den opp på riksvegen igjen.

– Eg har ikkje heilt oversikta enno, men det ser ut til at det berre er mindre skadar på traileren, seier Piel.

Trailer utfor vegen på Stårheim.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK