Hopp til innhold

Så mange havørner har ekspertane aldri sett før

Fugleentusiastar har talt opp heile 52 havørner i Kjevikdalen i Lindås. – Noko slikt har eg aldri sett på Vestlandet tidlegare, seier ornitolog.

30 havørner i Kjevikdalen

SPEKTAKULÆRT: Totalt 52 havørner har samla seg i Kjevikdalen. Naturfotografar har foreviggjort nokre av dei.

Foto: Tore Hagen

– Det er heilt utruleg. Slike mengder har vi aldri sett her før, seier Kjetil Salomonsen.

Han har kikka på fuglar sidan 1988, og har fylgt med på havørnene i Kjevikdalen i fleire år. For to år sidan var han imponert over å ha sett 13 havørner på ein kveld, men måndag vart det skrive ny rekord: Om lag to kilometer sør for gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen, inst i Rydlandsvågen, vart det rapportert om 52 havørner i lufta på same tid.

Kjetil Salomonsen

ENGASJERT: Kjetil Salomonsen trur død fisk i området har lokka til seg havørnene.

Foto: Privat

– Truleg var det endå fleire i området. Havørna er fascinerande å sjå på, den har det største vengespennet av alle fuglane i Noreg, med opp mot 2,5 meter, seier Salomonsen.

– Imponerande

– Fantastisk, jublar Frode Falkenberg i Norsk Ornitologisk Forening då NRK ringer for å fortelje om havørnene som har samla seg i Kjevikdalen.

– Eg er mektig imponert, slike store samlingar er ikkje vanleg. Det har vore ei gradvis oppbygging av havørn den siste tida, men eg har aldri høyrt om eller sett noko i nærleiken av dette på Vestlandet tidlegare, seier Falkenberg.

Han meiner det er næringsgrunnlaget som gjer at fuglane samlar seg.

– Dei finn truleg mat rundt bossplassen i Kjevikdalen. Havørna er i stor grad ein åtseletar, og slike store samlingar av havørner finn ein berre dersom det er mat i området, seier Falkenberg.

Havørn i Kjevikdalen

MEKTIG: Havørna er den største rovfuglen i Nord-Europa, og den fjerde største ørna i verda.

Foto: Kjetil Salomonsen

NGIR bekreftar at dei tidvis ser mange havørner i området rundt gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen.

– Men vi fostrar ikkje opp ei einaste havørn her, det er heilt sikkert. Eg har aldri sett ei ørn nede på anlegget vårt, seier seniorrådgivar Rune Ones.

– Personleg trur eg årsaka til at det er så mange havørner i området har med geografien og luftstraumar å gjere. Frå kontorvindauget mitt ser eg ofte havørn som kjem flygande, tydeleg drivne av luftstraum. Det må vere noko som gjer at det er gunstig å segle for ørna, seier Ones.

Sjølv har han på det meste sett 13 havørner samla.

Vert stadig fleire

Bestanden av norsk havørn har vakse gradvis sidan fredinga i 1968. No tel ornitologane fleire tusen par.

– Bestanden er betre enn den har vore så lenge eg kan hugse. I Hordaland er det truleg opp i 100 til 150 par som hekkar no. Det er rekordmange, seier Falkenberg.

Frode Falkenberg

IMPONERT: Frode Falkenberg i Norsk Ornitologisk Forening meiner det er godt nytt at store flokkar havørn har samla seg i Kjevikdalen.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Flokkar som det vi ser i Kjevikdalen no er resultat av stor produksjon og mange fuglar i sirkulasjon.

– Utgjer dette nokon fare for andre dyr?

– I grunnen ikkje. Auken av havørn viser at miljøet klarer å handtere så mange. Havørnen er i første rekke åtselsetar.

– Så ingen grunn til å uroa seg?

– Nei, ikkje her i Hordaland. Dette er berre glede, seier Falkenberg.

Han har ei klar oppfordring til fugleglade hordalendingar:

– Ta turen til Kjevikdalen eller nærområda, dette er staden for å sjå store mengder havørn no. Når fuglane sirklar rundt på denne måten er dei synlege frå lange avstandar. Det er mektig og magisk å sjå, seier ornitologen.