Hopp til innhold

No må du betale nesten like mykje for diesel som for bensin

Du er gjerne vant med at dieselen er nesten ei krone billegare per liter? No er det berre eit par øre som skil mellom diesel og bensin, og det er usikkert kor lenge det vil vare ved.

Så like er prisane på diesel og bensin

LIKE: Det skil ikkje lenger nesten ei krone mellom prisen for ein liter diesel og ein liter bensin. No er skilnaden nede i berre eit par øre, og det er uvanleg stadfestar Shell.

Foto: Anna Gytri / NRK

Drivstoff må ein ha uansett, men mange er bevisste på kva det kostar å fylle tanken. Har du tanka i det siste har du gjerne oppdaga at prisen på diesel no ligg tett opp under prisen på bensin.

Det vanlege er at prisen på ein liter diesel ligg ei krone under. Slik er det ikkje no lenger. På alle dei fire bensinstasjonane i Førde skilte det berre tre øre eller mindre.

Når prisane i tillegg ligg like rundt 14 kroner merkast det på lommeboka. Situasjonen er den same for bileigarar landet rundt.

Fryktar avgiftene har gått i været

Hildegunn Aase

DIESEL: Hildegunn Aase fyller diesel på tanken og håpar prisane snart normaliserer seg.

Foto: Anna Gytri / NRK
Johan Vorrgård

MERKBART: Johan Vorrgård vedgår at det er merkbart at dieselprisen har auka.

Foto: Anna Gytri / NRK

Folk som fylte drivstoff på stasjonane i Førde onsdag frykta at det er avgiftene som no har gått opp. På Esso like ved E39 kostar diesel 13,96 per liter, medan bensinen ligg på 13,99. På nabostasjonen Shell ligg prisen på 13,84 for bensin og 13,81 for diesel.

– Dei sa jo før at dieselbilar skulle vere billegare og meir miljøvenlege, men no er det plutseleg omvendt, seier Hildegunn Aase.

Ho fyller tanken med diesel og fryktar det er styresmaktene som no har gjort det dyrare med diesel. Og ho er ikkje åleine om å tenkje det. Også Johan Vorrgård likar dårleg at det nesten ikkje svarar seg å køyre dieselbil lenger.

– Det burde ikkje vore så liten skilnad. Ut frå alt det som er sagt er dette feil, meiner eg seier Vorrgård til NRK.no.

Også på Statoil i Førde er skilnaden mellom diesel og bensin no nesten borte vekk. Onsdag kosta bensin 14.03, medan dieselen var heilt oppe i 14,02. På Best-stasjonen må du betale 13,99 kroner per liter med bensin og 13.96 for ein liter diesel.

Kalde europearar har litt av skulda

Men om det er noko trøyst for forbrukarane så er det ikkje styresmaktene som er den store stygge ulven denne gongen. Kommunikasjonssjef i Shell, Lillian Aasheim seier det er fleire årsaker som samla sett har ført til at dieselprisen har auka.

– Det er heilt normalt at prisen på diesel går opp om vinteren. Men no har vi i tillegg fått problem med lav produksjon på ein rekkje marknader, så då blir dette resultatet, seier Aasheim.

Grunnen til at dieselprisen går opp kvar einaste vinter er rett og slett vêret. Når det slår om til minusgrader brukar innbyggjarane lenger sør i Europa meir fyringsolje for å halde varmen. Fyringsolje og diesel er i praksis det same produktet, og når det no er kaldt i Europa merkar eigarane av dieselbilar i Norge det på lommeboka.

I tillegg er det nett no mindre tilgang på råstoff, forklarar Aasheim.

– Russland eksporterer mindre enn dei pleier, og i tillegg er det nedetid på fleire raffineri i Europa og Canada, seier Aasheim og legg til:

– Auka dieselprisar skuldast altså ikkje høgare avgifter på diesel eller at oljeselskapa skal tene meir, seier kommunikasjonssjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liten prisskilnad mellom diesel og bensin på Shell i Førde

UVANLEG: Stasjonsjef ved Shell i Førde, Magnor Hornnes har aldri opplevd før at prisane på diesel og bensin er så like.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dette er uvanleg

Ho vedgår at det er svært uvanleg at prisane på diesel og bensin ligg så nære. Men det var også ein liknande situasjon tilbake i 2008.

Også stasjonssjef Magnor Hornnes ved Shell i Førde kan skrive under på at prisskilnaden vert lagt merke til.

– I løpet av dei siste fem åra har eg aldri opplevd at prisskilnaden mellom diesel og bensin har våre lågare enn rundt 80 øre, så dette er veldig uvanleg, seier Hornnes til NRK.no.

For nokre år sidan var prisen for diesel på eit tidspunkt høgare enn for bensin.

Ingen veit sikkert kor lenge det varer

Arne Gunnar Lundekvam

KVA SKAL VI GJERE? Spør Arne Gunnar Lundekvam som meiner folk vil fylle drivstoff uansett kva det kostar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Dei NRK møtte på framfor dieselpumpene i Førde blir svært glade når dei får høyre at det ikkje er auka avgifter som har skulda i at prisane på diesel og bensin no ligg svært nære kvarandre.

– Ja, det er klart eg blir glad då. Vi får håpe det snart går tilbake til normalen seier Hildegunn Aase.

Ho og Arne Gunnar Lundekvam er likevel samde om ein ting. Uavhengig av pris må dei berre fylle diesel når dei treng det.

– Kva skal vi gjere med det då? Reise til utlandet for å tanke? Nei, det blir nok ikkje mindre bilkøyring uansett pris, seier Lundekvam.

Aasheim i Shell vil ikkje spekulere i kor lenge dieselprisane vi ser no vil vare ved. Kor vidt det kalde vêret i Europa vil halde fram er det ingen som kan seie for sikkert.

– Folk får berre tenkje at dette ikkje er noko lokalt fenomen, like prisar opplever folk overalt i Norge akkurat no, seier Aasheim.