Hopp til innhold

Føler du vêret var spesielt bra eller dårleg denne våren? Her er fasiten

Medan austlendingar bør ha smurt seg med solkrem denne månaden, har vestlendingar måtta smurt seg med tolmod. Sommaren har latt venta på seg.

Sol i seljord vær

VARMT: Austafjells har det vore varmare enn normalt i juni. Her frå ein dag med 22 grader i Seljord.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Det er blitt 23. juni, og sommaren er i full gang. Iallfall på Austlandet.

Vestlandshovudstaden Bergen har berre hatt tre sommardagar denne månaden.

Og situasjonen er nokså lik over store delar av Vestlandet.

Ein sommardag er ein dag er den høgste temperaturen er 20 grader celsius eller meir.

– Eg spring til og frå jobb, og har stort sett hatt lue på, seier Robert Næss. Han jobbar i Nordea, men er òg ein kløppar på vêrstatistikk.

Regntung juni i Bergen

Vestlandshovudstaden har berre hatt tre sommardagar så langt i juni.

Foto: Anne Aasen

Éin by med tre sommardagar

Og statistikken viser at tre sommardagar faktisk er ganske lite.

Til samanlikning var det i fjor 22 sommardagar i juni. Åra før var det åtte og tretten.

– Men det er ikkje heilt unikt. Me treng ikkje gå lenger tilbake enn til 2015, då var det berre to. Og på 90-talet var det fleire år utan ein einaste sommardag i juni, seier Næss.

Meteorolog Chara Charalampos Sarchosidis stadfestar dette. Han fortel at Vestlandet ikkje er det einaste som har vike frå normalen så langt i sommar.

Varmare enn normalen

Austlandet har vore både varmt og tørt.

Normalen i Oslo i juni er 80 mm nedbør. Til no har det kome 47,1 mm.

– Månaden er ikkje over enno, men det ligg an til å bli tørrare enn normalt på Austlandet, seier Sarchosidis.

fint vær i telemark

Det har vore varmt på Austlandet. Her frå Lunde i Telemark.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

I vest viser statistikken til Næss at situasjonen der er ein anna.

– Det er berre tre dagar me ikkje har hatt nedbør.

Når han ser på mai og juni samla, har det vore 44 dagar med nedbør. Han må sjå langt tilbake i tid for å finna tilsvarande tal: I 1964 var det 47 nedbørsdagar desse to månadane.

– Me manglar berre tre dagar på det, og slik vêrmeldinga ser ut no, så ser det ut til at me skal greia å få tre dagar til med nedbør, seier Næss.

For ein statistikar kan det vera litt glede i slike tal når vêret er dårleg, men likevel ikkje spesielt kaldt, spesielt vått eller med spesielt lite sol.

– Då er det litt kjedeleg. Når det først kjennest dårleg, så er det greitt at du kan sjå på tala at det er ganske unikt iallfall.

Òg i Nordland har det regna meir enn det pleier i juni. Elles har månaden vore omtrent som han pleier. Samtidig har både Troms og Finnmark hatt ein varmare juni enn dei pleier.

Fint vær i Nord, Bø i Vesterålen

Nordland har vore omtrent som normalt denne junimånaden. Her er Bø i Vesterålen ein solfylt dag.

Foto: Jan-Helge Andersen

Rogaland får årets varmaste dag

Førebels må vestlendingane smørja seg meir med tolmod enn med solkrem, men det blir sommar i år òg, skal me tru statistikaren.

– Det enkle svaret er ja, det blir alltid det. Me får vel berre venta å sjå.

– Er det ein logikk i at om sommaren startar regntungt, så blir det fint seinare?

– Det kjennest alltid sånn, men når me ser på tala så er det ikkje ein klar samanheng.

Meteorolog Sarchosidis kan ikkje seia noko sikkert langt fram i tid, men fortel at store delar av Sør-Noreg kan få greitt vêr til jonsokbålet.

– Nedbøren bevegar seg nordover, så etter kvart vil Møre og Romsdal og Trøndelag få lettare vêr. Nord-Noreg har framleis nedbør i kveld, men det vil letta aust i Finnmark.

I Sør-Noreg blir det sol i aust og på Sørlandet. Også Rogaland og indre strøk av Vestland får fint vêr mot kvelden.

Fredag har rogalendingane noko å sjå fram til.

– Då kjem den varmaste dagen hittil i år, og det blir truleg varmast i Rogaland, seier Sarchosidis.

Vindstille vær i Larvik

Larvik har hatt badevêr.

Foto: Hanne Lisbeth Nyquist