Hopp til innhold

I fleire hundre år har dei vore usikre – no veit dei kor høgt Norges tredje høgste fjell er

Kanskje ikkje så viktig for nasjonaløkonomien, men for turgåarar og geografi-nerdar er høgda på det tredje høgaste fjellet i landet viktig. No må karta skrivast om.

Store Skagastølstind

RUVER HØGT: Store Skagastølstind er den sørlegaste av Skagastølstindane og ligg i Luster og Årdal kommune.

Foto: Jostein Aasen

Store Skagastølstind, på folkemunne kalla Storen, ligg majestetisk til i Hurrungane i Jotunheimen.

I 2013 blei fjellet nok ein gong målt, den gongen til 2406 meter over havet, basert på flyfoto frå 2010. Feilmarginen var på pluss-minus 2,1 meter.

– Det betyr jo veldig lite for Noreg om det er ein meter opp eller ned, men vi har nokre her i Kartverket som tykte det kunne vere greitt å få høgda på landets tredje høgaste fjell meir eksakt.

Det fortel Sveinung Engeland, fjellentusiast og kommunikasjonsrådgjevar i Statens kartverk.

– Difor organiserte vi ein tur, mest på privaten eigentleg, fordi vi ville oppklare dette ein gong for alle.

Fekk hjelp frå guide

Dei tok kontakt med Norgesguidene, som har mange turar opp til Storen kvar sommar.

Fjellguiden Jostein Aasen er ein av dei som er aller best kjend i Jotunheimen, og ikkje minst i Hurrungane.

Det å endeleg kunne få eit svar på kor høg Store Skagastølstind faktisk er, var eit oppdrag han tok med glede.

– Eg er veldig glad for at vi blei spurt om å gjere dette. Vi har ikkje vore heilt klare over at det har vore ein så stor feilmargin på høgdemålingane tidlegare.

Sveinung Engeland i Kartverket

GPS-MÅLING: Sveinung Engeland framfor GPS-målaren dei sette opp på Turtagrø, like ved den nasjonale turistvegen over Sognefjellet.

Foto: Privat

Var «Noregs høgaste»

Aasen tok med seg eit turfølgje og Kartverket sitt GPS-utstyr til topps.

På toppen av det stupbratte fjellet fekk boksen kontakt med satellittane. Dermed kunne ein fastslå ein gong for alle kor høgt det er.

I dag veit dei fleste at det er Galdhøpiggen som er det høgste fjellet i Noreg med sine 2469 meter over havet. Nummer to er Glittertind som er 2452 meter utan breen på toppen.

– Før Galdhøpiggen blei oppdaga, blei faktisk Store Skagastølstind rekna som Noregs høgaste fjell. I alle fall i nokre tiår på 1800-talet, seier Sveinung Engeland i Kartverket.

– Heilt sikre på høgda

Ved sida av jobben som kommunikasjonsrådgjevar, fordjupar han seg no i den edle kunsten det er å måle fjell. Vonleg skal det bli bok. Då kjem den nye høgda på Storen godt med.

– Den nye høgda er 2405,05 meter over havet med ein feilmargin på pluss minus 15 centimeter. Då blir den 2405 i kartet, og Kartverket kjem til å oppdatere karta no, fortel Engeland.

– Kan vi vere heilt trygge no på at det er høgda på fjellet?

– Ja, no kan vi vere heilt sikre.

Knut Gjerde i Kartverket (til venstre) og Jostein Aasen.

EKSPERTISE: Knut Gjerde frå Kartverket og turguide Jostein Aasen studerer GPS-utstyret.

Foto: Kartverket
William Cecil Slingsby var blant dei første til å bestige Store Skagastølstind.

FØRSTEMANN: Den britiske eventyraren William Cecil Slingsby var førstemann til topps på Store Skagastølstind i 1876.