Hopp til innhold

Så glad vart Christian (12) for NM-gull

Christian Hjartholm Solheim frå Oppedal/Brekke skyttarlag vann rekruttklassa under NM i feltskyting etter å ha skote 42 av 42 moglege poeng i finalen.

Christian Hjartholm Solheim

GULLGUTT: Slik såg det ut då resultatet i finalen var klart. Christian Hjartholm Solheim frå Oppedal/Brekke skaut 42 poeng av 42 moglege i finalen.

Foto: Jørn Njøs

Christian Hjartholm Solheim var best av alle dei 180 som stilte i kvalifiseringa, og skaut derfor på skive éin i finalen. Der innfridde 12-åringen frå Brekke og vann sitt første NM-gull.

– Eg har aldri skote så bra før, seier han.

Christian Hjartholm Solheim frå Oppedal/Brekke

POKAL: Eit velfortent trofé for innsatsen.

Foto: Jørn Njøs

NM-vinnaren har vunne andre stemne før, men ikkje noko som er like stort som NM. Han innrømmer at han var nervøs før skytinga.

– Eg blir meir nervøs enn på andre stemne. Det er større og alle i landet er med, og det er vanskelegare å komme høgt opp, seier Solheim.

No er NM over for gullvinnaren, så no ser han fram til å endeleg slappe av.

I finalen var det fire sogningar mellom dei seks beste. I tillegg til Solheim, som vann, kom Emma Linneah Moen Rinde frå Leikanger på ein delt fjerdeplass. Eskil Angelshaug Venes frå Sogndal og Kristin Husum frå Leikanger kom på ein delt sjetteplass i finalen.