Hopp til innhold

Rykte ut til brann og kraftig røykutvikling i trehusområde i Bergen sentrum

12 personar er evakuert etter brannen.

SISTE: Brannen er sløkt.

Brannvesenet fekk melding om hendinga i Grønnesmauet i Bergen sentrum klokka 06:28.

– Vi fekk inn melding om svart røyk frå kjellaretasjen av bygget, seier Tore Fanebust, vaktkommandør i 110 Vest.

Ikkje lenger fare for spreiing

– Men per no føler vi at vi har kontroll og klarer å stenge brannen til eitt bygg, seier vaktkommandør Fanebust klokka 07:10.

Lenge gjorde tett trehusbebyggelse at fare for spreiing var til stades.

Brannen er no sløkt, og brannvesen driv ettersløkking.

Brannvesen kom fort fram til staden.

Store ressursar har rykka ut og er på staden. Innsatsleiar på staden, Ole Bjørn Sveen, seier til NRK at ingen er sendt til sjukehus, men at nokre er sett til av helsevesen grunna røykskadar.

Brannvesen med kraner og blålys håndterer brann i trehusbebyggelse i Bergen sentrum
Foto: Tsion Bruk / NRK

Naboar melde frå

Nabo Jens Lorens oppdaga brannen frå soveromsvindauget sitt. Han kjente først lukta av brannen og bestemte seg for å sjekke.

– Og då såg eg at det kom mykje røyk ut av kjellaren frå bygget ved sidan av.

Medan han ringde brannvesen begynte kompisen å ringe til dei som budde i bygget som brann.

– Så hamra eg laus på døra deira med det eg fekk tak i for å få ut dei som budde der.

Lorens vedgår at dette var ei skummel oppleving.

– Når det er ein brann i kjellaren er det jo veldig fort gjort at denne kan spreie seg oppover. Eg tenkte jo at det her var livsfarleg.

12 evakuerte

– Dei evakuerte etter brannen er sende til rådhuset i Bergen for ly. Kommunen vil sørge for vidare overnatting for dei som treng det, seier Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Politiet vil vidare gjere avhøyr for å finne ut av årsaka til brannen.

Når brannvesen er ferdig med ettersløkking vil området bli sperra av. Krimteknikarar vil då gjennomgå staden.