Rykkjer ut til utforkøyring

Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke på riksveg 55 mellom Leikanger og Hella. Ein bil har køyrd utfor og ligg på taket. Det var ein person i bilen, vedkomande skal ikkje vere fastklemd eller medvitslaus, melder politiet.