Hopp til innhold

Rykker ut til mogleg kanoulukke

Politiet har fått melding om ei mogleg kanoulukke i Raundalselvi i Voss herad. Redningshelikopter, ambulanse, brannvesen og politi er på veg. Person om bord eit forbipasserande tog ved Reimegrend skal ha sett ein tom kano og nokon som trong hjelp.