Hopp til innhold

Rykker ut til båtkollisjon i Fjaler

Naudetatane har rykka ut etter melding om ei ulykke på sjøen ved Flekke i Fjaler. - Ein motorbåt skal ha kollidert med ein trø-båt, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt. Fleire personar skal vere involverte, ein av dei skal vere skadd.