Rykka ut til pipebrann

Naudetatane rykka i ettermiddag ut til ein pipebrann på Leikanger. Det var ingen flammar, men ein del røyk i pipa. Politiet opplyser om at det er kontroll på situasjonen.