Hopp til innhold

Politiet slo full ransalarm - men det viste seg at det var feil...

Politiet rykka ut fullt utrusta for å ta hand om det dei trudde var eit ran.

Operasjonssentralen i Florø

VAR BUDDE PÅ RAN: På operasjonssentralen i Florø fekk dei melding som tydde på at Europris i Måløy vart rana.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi fekk melding om ei hending som meldar oppfatta som at det kunne vere eit ran. Ut frå opplysningane vi fekk hadde vi ikkje grunn til å tru noko anna enn at det var eit ran, seier Rimmen.

Det var like etter klokka 21 at politiet fekk melding frå ein tipsar om det vedkommande hadde grunn til å tru var eit ran.

Meldingar som indikerte ran

Etter det NRK kjenner til skal det ha vorte observert ein våpen-liknande gjenstand.

Dermed vart det slått full ransalarm, men då politipatruljen kom fram til Europris-butikken i Måløy viste det seg at personalet og butikkeigaren øvde på ran.

– Vi har i alle fall agert som vi skulle, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane.

– Kva sa butikkeigaren då de kom fram?

– Nei, det trur eg ikkje eg skal seie noko om. Det eignar seg neppe, humrar operasjonsleiaren.

Politiet vil ikkje seie noko om øvinga burde vore varsla.

– Vi kjem vil til å ta ein liten prat med han i morgon, seier Rimmen.

Operasjonsleiaren kan uansett klappe seg sjølv på skuldra for rask reaksjon.

– Vi fekk testa våre system, og det fungerte som det skal. Vi får vere fornøgde med det.

Ulukkeleg butikkeigar

Butikkeigar av Europris i Måløy er Bjørn Roger Hennøen. Han beklagar det som har skjedd. Han var ikkje til stades under øvinga.

– Dette er eit ran- og svinn-kurs alle butikkane til Europris har annakvart år som eit ledd i HMS, og dei skal vere reelle. Her vart det så reelt at eigaren av nabobutikken som høyrde skrik og skrål varsla politiet, og deretter meg.

Han veit lite om korleis dei tilsette takla å få politiet på døra, men synest det er trasig at hendinga får slike konsekvensar.

– Vi får vel berre sjå på det med litt galgenhumor. Så får eg ta meg ein prat med politiet og dei tilsette.

Neste gong dei har kurs vil nok opplegget innebere ein varslingstelefon til politiet.

– Kurshaldarane skal få tilbakemelding om at dei kanskje må ha litt betre rutinar der, humrar Hennøen.