RYKKA UT TIL BILBRANN:

Politiet rykka i natt ut til Johanne Juellsgate på Kronstad, etter meldingar om at to bilar stod i brann. Då dei kom fram viste det seg å vera fyr i noko papir. – Det var lagt noko papir oppå panseret på ein bil, og deretter har nokon tent på. Eit avisbod kom til og fekk det ned på bakken. Vi har oppretta sak, fortel operasjonsleiar Egil Gjesdal i Hordaland politidistrikt.