Rygga inn i politibil
Ein tilsett ved ein butikk i Nyborg i Bergen varsla politiet om to rusa menn som sette seg inn i ein bil.
Då politiet kom til staden rygga bilføraren inn i politibilen. Ingen personskadar, relativt små skadar på politibilen. Føraren er teken med til politistasjon for å testast for rusmiddel, melder Vest politidistrikt.