Hopp til innhold

Rydda 700 kilo søppel i Måløy

Rusk og rask blir ikkje vekk når det hamnar på sjøen. Ein gjeng dykkarar fann ein god porsjon då dei tok ein sjau i helga.

I helga hadde dykkarklubben Ægir i Måløy ein ryddeaksjon i hamna.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut på botnen av Ulvesundet i Måløy.

I helga hadde dykkarklubben Ægir i Måløy ein ryddeaksjon i hamna. Dette var ein del av ein landsomfattande aksjon som heiter «Hold Norge rent», og går ut på å rydde havbotnen og strandsoner.

Dykkarane i hamna i Måløy fann mykje rart i helga.

– Det var mykje gamle synder. Koppar og kar og bildekk som har lege der i lang tid. Det er jo mykje vind i Måløy og då kan mykje rart hamne på sjøen, seier Tor Sæther i Ægir dykkarklubb.

Tolv froskepersonar var i sving i ryddesjauen, og i løpet av ein dag hala dei opp heile 700 kilo rusk. Men Sæther seier at det er mykje som ikkje vart plukka opp denne gongen.

– Der er mykje meir, men då må vi planlegge og bruke kran. Då kan vi få opp ein god del meir.

Dykkargjengen har tidlegare rydda både i Måløy og på Nordfjordeid, og har planar om å rydde i Selje òg. Arbeidet er dugnad på eige initiativ.

Sæther meiner at søppel i hava er eit stort problem som øydelegg dyre- og planteliv.

– Spesielt mikroplast er skummelt, fordi plasten løyser seg opp og blir ete av fisk og av fuglar. På verdsbasis er dette eit stort problem, og vi prøver å få opp mest mogleg av dei vi kan, seier Sæther.