Rv 15 stengt på grunn av ulukke
To bilar har kollidert på riksveg 15 ved Strynefjellet. Politiet opplyser at naudetatane er på veg både frå Innlandet politidistrikt og Stryn. Politiet veit ikkje kor alvorleg ulukka er enno. Vegtrafikksentralen melder at Oppljostunnelen førebels er stengt. Ifølge politiet i Innlandet, skal fem personar vere skadd i ulukka.