Rv 13 blir ikkje opna i dag

Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd og blir ikkje opna for trafikk i dag. Det er klart etter at ein geolog har vurdert rasfaren. Vikafjellsvegen har vore stengd grunna snøras og rasfare. Ny vurdering blir gjort laurdag klokka 12.