Rusta opp tunnelen – men ikkje vegen fram dit

STRYN (NRK): Anleggsmaskinene stod klare, og store mengder stein var på plass. Likevel vart ikkje vegen utbetra. Årsak: Tunnel og veg vart ikkje sett i samanheng.

Kjell Olav Gausnes

FORTVILT: Kjell Olav Gausnes er fortvilt over at fylkesveg 5742 i Stryn ikkje blir skikkeleg utbetra. Det blir framleis jobba i tunnelen, men nesten all stein er frakta fem kilometer vekk. Stein som kunne vore brukt til å utvide vegen.

Foto: Bård Siem / NRK

Midt i svingen bremsar bilen brått opp. Vegen er så smal at to køyretøy ikkje kan møtast. Den andre bilen må rygge bakover til møteplassen.

Vi er på fylkesveg 5742 på Blakset i Stryn.

Ein ny tunnel til 260 millionar kroner står snart klar til bruk, men vegstrekket frå tunnelen og fram til riksveg 15 er berre delvis utbetra.

Det var avisa Fjordingen som først fortalde om saka.

Eitt strekke på om lag 700 meter står att, og steinmassane frå tunnelen er frakta fem kilometer vekk.

– I staden for å køyre steinmassane langt vekk, burde dei vore brukt til å utbetre vegen, seier Oddleiv Jevnlid, som bruker vegen dagleg.

Han ristar oppgitt på hovudet. Det same gjer ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal (Sp).

– Problemet er at tunnelen blir sett på som eitt prosjekt, medan vegutbygging blir definert som eit anna prosjekt, seier han.

Kjell Olav Gausnes på panaromavegen

SMALT: Kjell Olav Gausnes ved vegpartiet som ikkje blir utbetra.

Foto: Bård Siem / NRK

Tommelen ned frå fylkeskommunen

Dina Lefdal er fylkesdirektør for veg og infrastruktur i Vestland.

Ho fortel at det er sett av midlar til tunnel, og at det aldri har vore vurdert å utbetre heile vegen.

– Likevel er det gjort ein del også med vegen. Vi har brukt tunnelmasse til å betre sikten og til å styrkje vegen, seier ho.

I Blakset står ein ny tunnel til 260 millionar kroner klar til bruk, men vegstrekket frå tunnelen og fram til riksveg 15 er berre delvis utbetra.

Medlem i Utval for samferdsle og mobilitet i Vestland, Arve Helle (Ap), forstår at det blir reagert.

– Logisk sett burde ein sett tunnel og veg i samanheng, slik at ein får mest mogleg veg for pengane. Men då må det skje frå starten av i planlegginga av dei enkelte prosjekta, seier han.

Han legg til at manglande samordning dessverre er vanleg både i statlege og fylkeskommunale samferdsleprosjekt.

Ordførar Per Kjøllesdal i Stryn saman med Gjevnlid

PROVOSERT: Det er utruleg at ikkje fylkeskommunen har sett tunnelen og vegen i samanheng, meiner ordførar Per Kjøllesdal (Sp) i Stryn.

Foto: Bård Siem / NRK

– Viktig å utnytte steinmassane

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, ønskjer ikkje å kommentere vegprosjektet i Stryn spesielt.

Men på generelt grunnlag fortel han at fornuftig bruk av steinmassar er svært viktig for å gjere vegutbyggingar effektive.

– Då slepp ein omlasting og lagring av massen samtidig som ein får bygd ny veg. På den måten får ein også redusert klimautsleppa.

Davik fortel at budsjettmessige avgrensingar ofte bidreg at vegutbyggingar ikkje blir effektive nok.

– Difor jobbar vi med å sjå lengre strekningar i samanheng.

Strekke av panoramavegen Stryn

SMAL VEG: Her er fylkesveg 5742 så smal at to bilar ikkje kan møtast. Men vegen blir ikkje utbetra fordi tunnel og veg ikkje blir sett i samanheng.

Foto: Bård Siem / NRK

– Kunne tent på betre samordning

– Det kan vere mogleg å oppnå betre samordning ved å slå saman mindre prosjekt til større prosjekt, seier Forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), Askill Harkjerr Halse.

Han legg til:

– Men dette føreset i så fall at ein er villig til å prioritere nokre få store prosjekt framfor andre føremål.

– Forstår du at det blir reagert på situasjonen i Stryn?

– Eg kjenner ikkje til dei konkrete prosjekta, men det høyrest ut som eit eksempel på at ein kunne tent på betre samordning. Samordning kan bety både å skunde på og utsetje tiltak.