Hopp til innhold

Russeservice snur heilt om – no får nynorskruss likevel vere raudruss

Russeservice vil likevel la raudrussen få russekort på nynorsk utan tillegg i prisen. Det har vekt stor merksemd at russ ikkje får velje russekort på si eiga målform.

Bilete av eigendesign på Russeservice.no

NETTSIDA: Fram til no har russ som vil ha nynorsk logo måtte designe dette sjølve til ein ekstra pris på kr 100,-

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Etter at saka har fått brei dekning i NRK har vi skjønt at russekort med raudruss-logo ikkje kan vere dyrare. Me har derfor valt å tilby russekorta med raudruss-logo som standard og utan tillegget på hundre kroner. Det skriv dagleg leiar Ole Jørgen Smedsrud i Russeservice til NRK.

Saka om russekort har engasjert mange nynorskbrukarar, blant anna programleiar Ronny Brede Aase i NRK P3.

NRK melde tysdag at nynorsk russ må betale meir for å få raudruss på russekortet. Det fekk Norsk målungdom og nynorskruss til å reagere. No snur aktøren Russeservice i saka.

– Det er veldig kjekt at russeservice og russedress skal lage eit standard russekort der det står raudruss, seier komande russ Pernille Nedrebø ved Firda vidaregåande skule på Sandane.

Fornøgd målungdom

FORNØGD: Komande russ Thea Louise Esp (t.v.) og Pernille Nedrebø er fornøgde med at Russeservice no likestiller nynorskruss med bokmålsruss.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Likestilt

I e-posten frå Smedsrud skriv han at det kan ta eit par veker, då dei har endringar som må på plass. Den daglege leiaren forsikrar at alle nynorskruss vil få russekort i god tid før russefeiringa. Dei som allereie har laga eigendesign med raudruss-logo vil få meir informasjon frå dei.

Tidlegare har russ med ønske om å ha raudruss-logo på kortet, måtte lage eit russekort frå botnen av og legge inn alle element sjølve. No blir raudruss likestilt på lik linje med standardkortet rødruss.

Nynorskrussen vil no få ein førehandslaga mal med raudruss utan å betale meir. For alternativa grønruss, kvitruss og svartruss, vert det laga eigne logoar. Dette har ikkje vore alternativ før.

E-post frå Russeservice

E-POSTEN: Her kan du sjå e-posten som blei sendt frå russeservice.no til alle komande russ som har registrert seg på nettsida. Ein lik e-post har blitt sendt frå russedress.no også.

Foto: skjermdump

Fornøgd med snuoperasjonen

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, har tidlegare sagt han synest det er unødvendig at det skal koste ekstra å velje nynorsk. No seier han seg fornøgd med snuoperasjonen frå russeservice.

– Eg synest det er veldig stas, og det vise at nynorskrussen som har protestert på dette har hatt ei god sak. Det viser at det nyttar å engasjere seg, og det er gledeleg.

Han tykkjer derimot det er dumt at media måtte til for at noko sånt skal bli lagt til rette.

– Sånn er livet som nynorskbrukar. Det er ikkje sjølvsagt. Av og til må ein ta eit tak.

Likevel trur han at dette er viktig for nynorsk russ som vil ha si eiga målform tilrettelagt på russekortet.

– Eg trur dette er ein liten, men symbolsk ting for unge nynorskbrukarar som vil feire russetida på nynorsk. Eg håpar at nynorskbrukarar no kan gå litt rakare i ryggen.