Hopp til innhold

Her var russen innom i natt

Ubedne gjester sette i natt sitt spor på Fosshaugane Campus.

Lagoppstilling Sogndal Sandnes Ulf

CAMPUS: Fosshaugane Campus er heimebana til eliteserielaget Sogndal Fotball.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Politiet fekk i 01-tida melding om at russ hadde vore inne på Fosshaugane campus og gjort skadeverk. Etter det NRK kjenner til, skal det vere snakk om tagging på eitt skilt.

På Twitter opplyser politiet at dei i natt var på stadion og sikra bevis.

Laurdag føremiddag får NRK opplyst frå Sogndal Fotball at det skal ha vore skribla med tusj på eitt skilt.

Mistenkte for promillekøyring

Ei kvinne i 30-åra er mistenkt for promillekøyring i eit bustadfelt i Førde. Kvinna like før midnatt stogga og teken med til blodprøve. Kvinna har tilstått forholdet i avhøyr og har samytykka i at politiet kan beslaglegge førarkortet.

I Askvoll er ein mann i 50-åra mistenkt for å ha ført båt med promille. Mannen vart stogga i 21-tida.