Hopp til innhold

Russen spelte høg musikk, men får skryt

Nær 300 russ frå fleire stadar i fylket var natt til onsdag samla på Festplassen i Førde.

Russesamling i Førde

FULLT: Mykje russ frå heile fylket var natt til onsdag samla på festplassen i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølv om dei hamna i politiloggen med «høg musikk» som tema, rosar politiet russen for framferda. Etter at musikken var dempa like over midnatt oppførte ungdomane seg flott og følgde dei pålegg som dei fekk frå politiet.

Like mykje skryt går nok ikkje i retning av dei to bilistane som like over klokka 20 vart stogga i Førde. Ein mann i 30-åra vart teken med til blodprøve etter at han vart stogga og fekk bilen sin avskilta ved Bergum.

Like etter vart bil utan registreringsnummer stogga. Også her var det tale om ein mann i 30-åra som politiet mistenkjer var rusa. Vedkommande fekk fråteken førarkortet og teken med til legevakta for å gje frå seg blodprøve.

Begge promillesakene blir følgde opp av Førde og Naustdal lensmannskontor.