– Russebussane frå tidlegare år har bana veg. No vidarefører dagens russ ei haldning om at det er greitt å snakka slik om kvinner, så lenge det er i russetida, seier Elisabeth Solmunde, avgangselev ved Amalie Skram vidaregåande i Bergen.
Under parolar med direkte motsvar på dei grove tekstane i russelåten til russebussen «Playboy 2017», ynskjer mellom 20 og 25 russejenter å ta avstand frå det dei kallar ein kvinnefiendtleg og nedsetjande russekultur.
- Bakgrunn:
– Det er ein ekstremt dryg song, som bagatelliserer pedofili og seksualisering av kvinner, seier Synne Bjerkestrand.
– Dette finn me oss ikkje i
Russelåten til bergensbussen «Playboy 2017» har den siste tida hausta krass kritikk etter låtstrofer som oppmodar til seksuell omgang med mindreårige.
Under parolar som «Jeg danser på bordet men er ikke en hore» går russejentene til aksjon i 8. mars-toget i Bergen.
– Det er eit kvinnesyn i denne songen som er så utruleg nedsettande. Ein omtalar kvinner som objekt, som gjer akkurat det desse gutane vil. Det er me ikkje med på, seier Bjerkestrand.
Avgangselevane er sterkt uroa for ein trend dei har sett utvikla seg dei siste fem åra: Grovare og meir krenkande russelåtar.
– Dei har fjerna alderen i teksten (jenta i låten sin alder er endra frå 13 til 17 år, journ. merk.), og det er bra, men haldninga som ligg til grunn for songen er der enno, seier Elisabeth Solmunde, ein av initiativtakarane bak aksjonen.
– Illustrerande for kvinnekampen
Tenåringane hadde uansett planar om å gå i 8. mars-toget, men russejentene meiner problemstillinga er eit treffande døme på kvifor den moderne kvinnekampen er brennande aktuell.
– Det er ikkje berre ein song, men vitnar om haldningar som ligg bak og den ukulturen som russetida er i ferd med å bli, seier Bjerkenes, og får støtte frå klassevenninna Louise Amdam.
– Me er ikkje med på at ein skal akseptera at det er slik russekulturen er.
Sjølv meiner russejentene at songteksten ikkje illustrerer haldningane til dagens russ. Men at klassekameratar likevel bestiller slike låttekstar, bør vera alarmerande i seg sjølv, meiner avgangselevane.
– Dette er så sjokkerande, fordi det er vår medruss som har bestilt denne songen.
Braut artistsamarbeidet
Artisten Solguden og Mannen har seinare moderert deler av teksten etter kritikken som kom.
Til NRK har russepresident og russebuss-medlem Ole Sebastian Rolland, tidlegare uttala at songen er laga for å provosera.
– Kritikken er på sin plass. Me har ikkje meint noko anna med dette enn humor.
7. mars offentleggjorde medlemene av russebussen at dei tek avstand frå russelåten dei sjølv bestilte og bryt samarbeidet med produsentane.