Hopp til innhold

Russen synest foreldre er pripne: – «Fitteplogen» må vere greitt

Russesjargongen skaper bråk og debatt kvar einaste vår. No slår ungdommen tilbake.

I elleve dagar har russebussar og -bilar køyrt rundt i Noreg med høg musikk og fargerike klede.

Kvar buss og bil har sit eige namn, men nokre namn har skapt reaksjonar på Vestlandet.

– Vi ville finne eit så harry namn som mogleg og då landa det fort på «Fitteplogen», seier Johannes Øvreseth, avgangselev på Firda vidaregåande skule.

«Fitteplogen» som køyrer rundt i Gloppen har fått fleire til å heve augebryna.

Russegutane i bilen Fitteplogen

Gutane i «Fitteplogen» synest namnet berre er gøy, men forstår at namnet kan opplevast som støytande for enkelte.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Ei av dei er ordførarkandidat for SV, Hege Lothe.

– Det er ikkje alle idear på nachspiel som ser like bra ut i dagslys.

Saman med Hanne Oftedal skreiv Lothe eit lesarinnlegg i Firda Tidend der dei meinte at russen burde finne andre namn enn «Fitteplogen» og «Fittesaft».

– Ord er makt og ord kan endre korleis vi ser på verda og kvarandre. Då er det viktig å diskutere kva ord vi vel, for slike ord kan vere med å skape eit skeivforhold mellom ungdommane, seier Lothe.

Hege Lothe, SV

Hege Lothe i SV meiner det er viktig at vaksne tek praten med ungdommen om kva ord som kan vere lurt å unngå.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Ordet fitte blir sett annleis på

Gutane i russebilen «Fitteplogen» forstår at namnet kan skape reaksjonar, men dei har ingen planar om å endre det.

– Det er dei eldre generasjonane som synest det er støytande, ikkje dei vi heng rundt. Ordet fitte blir sett på heilt annleis no enn då dei var unge, seier Øvreseth.

Inspirasjon til namnet har gutane henta frå TV-serien Hvite gutter på Discovery.

Nærbilde av Fitteplogen

Dette namnet har fått fleire til å reagere.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Jenter synest namnet er greitt

Då NRK tok runden på den vidaregåande skulen var det få av jentene som opplevde namnet som ubehageleg.

– Eg vart litt overraska då eg såg det, men no synest eg det berre er morosamt, seier Medeina Mariciukaityte.

– Eg kan forstå dei som ikkje er vande med språkbruken reagerer, men eg tenkte ikkje noko over det, seier Leah Hodnefjell.

Russejenter på Firda vgs

Medeina Marciukaityte, Leah Hodnefjell og Emma Førde synest språk med ord som fitte er vanleg blant dagens ungdom.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Også russepresident Karoline Hetle Alsaker, som er kjærast med ein i «Fitteplogen», meiner namnet er innanfor.

– Alle her veit at det er gode gutar som ikkje har nokon intensjon med det, men det er ikkje noko fint ord for dei som ikkje er vande til det.

Framleis eit grovt ord

Sjølv om ungdom ikkje reagerer på ordet fitte i like stor grad som foreldregenerasjonen, er det framleis å rekne som eit grovt ord, ifølge Språkrådet.

– Kulturen for banning har endra seg frå det religiøse og meir i retning av kjønnsorgan, men at det ikkje er rekna som grovt er ikkje allment for verken eldre eller yngre, seier Daniel Ims i Språkrådet.

Men han er ikkje einig i at russenamna er verre no enn tidlegare.

– Vi har ikkje oversikt, men eit inntrykk er at det var namn som viste til kjønnsorgan eller rus i større grad før enn det er i dag, seier Ims.

Nærbilde av Daskeladden

Russenamna handlar mindre om kjønnsorgan enn dei gjorde tidlegare, ifølge Språkrådet.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Uheldig i ei tid med seksuell trakassering

Ei av dei som meiner namnet er upassande er Tea Volle som er russ på Sogndal vidaregåande skule.

– Eg er ikkje overraska over namnet, men eg trur det er veldig lite gjennomtenkt.

Ho viser til at seksuell trakassering og seksuelle overgrep er store problem.

– Eg trur slike type namn og humor ubevisst er med på å styrke slike handlingar, meiner Volle.