Hopp til innhold

Russ skadd etter fall frå buss

Ein kvinneleg russ (18) blei i natt sendt til traumemottaket på Haukeland etter å ha falle ut av ein russebuss. Bussen stod parkert ved Gullgruven senter i Åsane. Ho var ikkje bevisst rett etter fallet. Skadeomfanget er ikkje kjent.