Hopp til innhold

Rusa badegjester vist bort av politiet

Det var mykje å gjere for politiet natt til søndag.

politi illustrasjon

TO PERSONAR: To personar er mistenkte for køyring i rusa tilstand etter køyreturar natt til søndag.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

I totida måtte politiet i Stryn rykke ut til elva, der fleire rusa personar bada. Operasjonsleiar i politiet, Per Rimmen, seier rus og bading er ein dårleg kombinasjon.

– Det er berre å sjå på statistikk frå redningsselskapet om drukning. Dersom du er rusa så er det ikkje heilt greitt å vere i vatn. Så når vi ser slikt så prøver vi å førebygge litt. Det var av omsyn til badegjestanes eiga sikkerheit.

Køyrde av vegen

Ein mann i tenåra er mistenkt for køyring i rusa tilstand etter at han køyrde av vegen på Langesethøgda i Stryn. Politiet tok blodprøve av føraren. Han vart ikkje skadd i ulukka. Også i Florø er ein mann mistenkt for køyring i rusa tilstand, etter ein promillekontroll. I Lærdal vart 17 personar kontrollert i ein promillekontroll i Lærdalstunnelen, der var det ingen utslag.