Hopp til innhold

Rus og bråk natta gjennom

Politiet hadde nok å hengje fingrane i natt til søndag.

POLITI
Foto: KYRRE LIEN / SCANPIX

Rett over midnatt vart ein mann i 30-åra meld for urinering på offentleg stad i Måløy.

02.10: Ei rusa kvinne i 20-åra vart teken hans om i sentrum i Sogndal. Kvinna måtte køyrast heim.

02.46: Politiet i Sogndal måtte rykkje ut til ei adresse i sentrum etter melding om støy som hadde forstyrra natteroa til folk i nabolaget. Politiet fekk til slutt roa ned bråket.

03.00: Politiet i Førde måtte ta hand om ei overstadig rusa jente i Erdalen. Jenta måtte ha tilsyn av helsepersonell.

03.16: Politiet fekk klagar på høg musikk frå ei adresse i Førde sentrum. Politiet drog til staden og påla dei som var der å dempe musikken.

03.50: Ein mann i 20-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand i Eid sentrum. Det vart teke blodprøve av mannen, og sak er oppretta.

04.10: Ei kvinne i 20-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand i Sogndal sentrum. Det vart teke blodprøve av kvinna, og sak er oppretta.