Hopp til innhold

Soltvedt ferdig som sportssjef i Brann: – Vi skiljast som vener

Sluttar i SK Brann etter 15 år, dei seks siste som sportssjef. – Det har vore altoppslukande, seier Soltvedt.

Eliteserien fotball 2020: Molde - Brann (1-2)

ENDRINGAR: Rune Soltvedt (til høgre) saman med Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen og dagleg leiar Vibeke Johannessen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Det melder klubben i ei pressemelding måndag morgon. Soltvedt sluttar i jobben som sportssjef frå 1. mars.

Klubben hevdar at det ligg «ingen dramatikk» bak avgjerda.

– Partane avsluttar eit langt og godt samarbeid. Brann ønskjer å takke Rune for ein formidabel innsats for klubben gjennom 15 år, skriv klubben i pressemeldinga.

Dagleg leiar Vibeke Johannessen og Soltvedt møtte pressen på Brann Stadion klokka 11.00.

– Det er ein spesiell dag. Vi har hatt gode samtalar den siste tida for å kome fram til ei god løysing. Eg er glad for at eg kan seie at vi skiljast som vener, sa Johannessen.

Johannessen: – Mi avgjerd

Johannessen seier det var ho som tok initiativ til samtalar om å avslutte samarbeidet med Rune Soltvedt.

– Kven er det som har ønskja forandring? Er det du, trenarteamet eller styret?

– Denne avgjerda er heilt og holdent min.

– Kva har ikkje vore godt nok?

– Vi har hatt nokre sesongar bak oss med dårlege sportslege resultat. Vi har også eit uutnytta potensial i forhold til å skape inntekter på til dømes spelarsal.

Etter sølv i 2016 og bronse i 2018, har Brann enda på niande og tiande plass i Eliteserien.

Takkar supporterane

Soltvedt seier sjølv at han sluttar som sportssjef av eigen vilje. Mellom anna ynskjer han å kunne bruke meir tid med familien.

– Det har vore nokre fantastiske år. Men det har vore altoppslukande. Eg ynskjer å takka supporterar, spelarar, støtteapparat og frivillige for ei fin tid i klubben, sa Soltvedt til pressen.

Soltvedt har vore sportssjef i SK Brann i seks år. Han starta som trener for G16-laget i 2005 og har sidan då jobba seg opp i gradene i klubben.

Rett etter nedrykket i 2014 vart Soltvedt konstituert som sportssjef i klubben, før han fekk den faste jobben i juni 2015. Han kom frå stillinga som utviklingsleiar i klubben.

Som sportssjef har Soltvedt vore med på opprykket til Eliteserien igjen.

Han takka supporterane spesielt for mange spesielle augneblink, særleg på borteturar før koronapandemien.

– Feiringane på ferjeturane etter sigrar i Sogndal og Haugesund kjem eg alltid til å hugse, og det har vore fantastisk å få dele det med supporterane. Det har også vore så mange flotte augneblikk inne på Stadion.

– Det finst ingen sportssjefskole. Eg har gjort feil og eg har gjort rett. Eg har tatt mindre gode val og gode val. Eg ønskjer at alle som er glad i klubben skal dra i same retning, slik at vi kan nå draumen å få gå «gullet hem», sa Soltvedt.

Rune Soltvedt, sportssjef Brann

FERDIG: Etter over seks år som sportssjef i Brann, avsluttar klubben og Rune Soltvedt samarbeidet.

Foto: Therese Pisani / NRK

Opp og nedturar

Det var også han som sparka den svenske trenaren Rikard Norling etter fleire dårlege resultat i starten av 1.-divisjonssesongen 2015.

Soltvedt tilsette Lars Arne Nilsen, som i starten av Brann-karrieren opplevde svært gode resultat med både opprykk og sølv i Eliteserien i etterfølgjande sesong.

Det var også Soltvedt som var med å ta avgjerda om å seie opp Lars Arne Nilsen i august 2020. Kort tid etter vart tidlegare RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen henta inn som ny Brann-trenar.

Med Soltvedt bak roret som sportssjef har Brann oppnådd følgande plasseringar i Eliteserien: Sølv (2016), 5.-plass (2017), bronse (2018), 9.-plass (2019) og 10.-plass (2020).

Lars Arne Nilsen ferdig som Brann trener.

SPARKEN: Rune Soltvedt tilsette Lars Arne Nilsen som Brann-trenar i 2015. Saman rykka dei opp, tok sølv og bronse, før Nilsen måtte gå august i 2020. No er også Soltvedt ferdig i SK Brann.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix