– Det er smått utruleg å tenka på at lommeboka har dukka opp att etter så mange år, seier Rune Hegrenes.
Det var ein heilt vanleg vinterdag i 1991, då den då 16 år gamle Hegrenes og eit par kompisar reiste på ein spontan skitur i Angedalen i Førde.
Turen skulle visa seg å bli skjebnesvanger, for han kom heim att utan lommebok.
Det var Firda som først omtala den spesielle historia til Hegrenes.
Fekk tekstmelding
Å gå opp att og leite var uaktuelt. Skituren var lang og gjekk i bratt terreng. Søkeradiusen ville blitt alt for stor.
Lommeboka, som inneheldt alt frå småmyntar til mopedlappen, var då rekna som tapt.
Men denne helga fekk Hegrenes ein spennande tekstmelding. «Sjekk postkassa», fekk han beskjed om.
Og i postkassa låg den til no fortapte lommeboka frå skituren i 1991.
HARD MEDFART: Slik ser lommeboka ut i dag, etter å ha blitt varetatt av Moder Jord sidan 1991
Foto: Rune Hegrenes / PrivatMose
Det var svogeren til ein kompis av Rune som hadde funne ho på fjelltur. Den var ikkje i topp stand då Hegrenes plukka den opp frå postkassen, men betre enn ein skulle frykte.
Den har trass alt låge ute i naturen sidan 1991.
Med unntak av litt mose og opprivne saumar har både lommeboka og innhaldet tolt naturkreftene. Mesteparten av korta er berre litt skitne, og kan fint lesast.
– Det er plast dette her, så det går ikkje så fort i oppløysing, seier Hegrenes, medan han viser fram eit godt leseleg, men kanskje ikkje så nyttig videoleige-kort frå Sentrum Bensin i Førde.
OMTRENT DER: Rune Hegrenes peiker på fjellet der lommeboka forsvann
Foto: Lidvard Sandven / NRKArtig sak
Hegrenes hadde naturlegvis aldri rekna med å sjå lommeboka si att, og tykkjer det heile er ganske artig.
– Ein skulle jo tru at den hadde blitt nedgrodd for lenge sida.
Han har ikkje bestemt seg for kva han skal gjere med lommeboka. Frå tida han mista lommeboka og fram til no, har han oppgradert til førarkort klasse B.
Likevel syns Hegrenes det er stas å ha mopedlappen tilbake.
– Mopeden har stått klar i garasjen sidan.