Ho vart cruisepassasjer nummer 200.000

I dag gjekk cruisepassasjer nummer 200.000 i land i Flåm. Med det runda cruisedestinasjonen ein milepæl.

Kristina Heljesen frå Danmark vart cruisepassasjer nummer 200.000 i Flåm

PASSASJER NUMMER 200.000: Danske Kristina Heljesen vart cruisepassasjer nummer 200.000 i Flåm. Kristina er bioingeniør og er her saman med mannen Søren på sitt tredje cruise.

– For første gong i historia får vi cruisepassasjer nummer 200.000 til Flåm i dag. Det er ny rekord. I fjor enda vi på litt under 200.000 passasjerar, så dette er ei milepæl, seier hamnesjef i Aurland, John Erik Johnsen til NRK.no tidleg onsdag føremiddag.

Kan runde 240.000

Og sesongen er ikkje slutt med dette. Prognosane tyder på at Flåm kan runde 240.000 cruisepassasjerar.

– Det er ein auke på vel 20 prosent sidan i fjor, så dette er stort, seier Johnsen.

Britiske cruisepassasjerar dominerer med 36 prosent, medan Spania og Tyskland har nest flest cruisepassasjerar med 11 prosent kvar.

(Artikkelen held fram under biletet)

«Independence of the Seas» i Flåm

TRAVELT: Det er travle dagar ved cruisehamna i Flåm. Her frå eit tidlegare anløp, då eitt av verdas største skip 'Independence of the Seas' var innom.

Foto: Arne Veum

Hadde nesten 4500 innom i dag

I dag kom det to skip til Flåm. "Empress" hadde om lag 1700 spanjolar om bord. Men passasjer nummer 200.000 var om bord på "MSC Poesia".

- Der er det rett oppunder 3000 passasjerar om bord. Så i dag har vi totalt nesten 4500 passasjerar, seier Johnsen.

No er det ikkje ein heilt vitskapleg metode som vert brukt for å plukke passasjer nummer 200.000.

– Vi har alliert oss med skipet, så det vil bli ei form for loddtrekning om bord. Så blir det ei markering i 12-tida, der vi spanderer nye Aurlandssko og blomar på passasjeren, samt at han eller ho får ein tur med Flåmsbana, seier Johnsen.

Takkar Flåmsbana for suksessen

– Eg trur det fell i smak. Det er gode produkt alt saman, seier Johnsen.

Han er klar på kva Flåm sin posisjon som cruisedestinasjon skuldast.

– Det er takka vere Flåmsbana. Den blir veldig sett pris på, og folk som reiser med ho, fortel det vidare til andre. Der er det tett med opplevingar oppover, med fossar og fjordlandskap som du ikkje finn maken til andre stadar, seier Johnsen.

Har stor tru på vintercruise

I slutten av september, om vel ein månad, klappar siste cruiseskip til kai i Flåm for denne sesongen.

Men Johnsen ser det som høgst sannsynleg at cruisesesongen, som allereie har strekt seg i kvar ende, kjem til å strekkje seg ytterlegare.

– I vinter hadde vi eitt vintercruise. Vi ventar at det kjem til å auke med åra. Det syner seg at turistane vil ha meir oppleving, og at dette med sol og varme ikkje betyr så mykje lenger, seier Johnsen.