– Dei har fått ein hard start på livet, seier den nybakte tvillingmora Line Berggreen Jacobsen.
For akkurat ein månad sidan vart ho og sambuaren Peder Lofnes Hauge trebarnsforeldre.
NYBAKTE: Peder Lofnes Hauge og Line Berggreen Jacobsen har vore mykje på Haukeland universitetssjukehus den siste månaden.
Foto: Synne Sørenes / NRKFriske og raske kom tvillingane Alma og Johannes til verda på Haukeland sjukehus i Bergen.
Men gleda over å ha to friske born vart kortvarig. Berre ei knapp veke etter heimkomst begynte Johannes å hoste og Alma fekk feber.
– Dei vart slappe og ville ikkje ete. Det var ikkje kjekt å sjå at dei vart så dårlege, fortel far.
BETRE NO: Johannes var den som sleit mest med pusten då han vart sjuk. No pustar han fint utan hjelp.
Foto: Synne Sørenes / NRKMåtte ha pustehjelp
Tvillingane hadde fått RS-virus og etter tredje besøk på legevakta vart dei lagt inn på Haukeland.
– Det var eigentleg godt at dei vart lagt inn. Då visste me at dei blei tatt godt vare på, fortel Jacobsen.
I tolv døgn låg tvillingane på sjukehus, der dei fekk hjelp til å puste.
PUSTEHJELP: Johannes måtte få hjelp til å puste gjennom ein såkalla CPAP-maskin. Her held han i fingeren til mor.
Foto: PrivatKan ha nådd smittetoppen
RS-viruset har herja over store deler av landet den siste månaden. For fleire sjukehus kom viruset tidlegare enn venta.
Ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen måtte klinikkdirektøren kalla inn nytilsette og pensjonistar for å ha nok folk på jobb.
Men no ser det ut som om den første og største bølga med RS-virus er over.
Ifølge FHI har talet på RS-tilfelle stagnert i dei aller fleste fylka den siste veka.
På Haukeland universitetssjukehuset har talet på innlagde pasientar med RS gått frå over 30 til 14. Ved Oslo Universitetssjukehus har dei no fire innlagde.
– Ut ifrå dei nasjonale smitte-tala kan det sjå ut som utbrotstoppen er nådd og at epidemien er i tilbakegang, seier direktør i FHI, Camilla Stoltenberg.
KREVJANDE: Direktør i FHI, Camilla Stoltenberg, seier talet på RS-tilfelle den siste veka kan tyde på at utbrotstoppen er nådd.
Foto: Amalie HendenFramleis mange tilfelle
Trass i at talet på tilfelle med RS-virus har sokke på landsbasis, stig framleis smittetala i Nordland og Rogaland.
Ved Stavanger universitetssjukehus er 17 barn no innlagt med RS-virus.
Avdelingssjef ved barne- og ungdomsavdelinga, Berit Killevik, seier det er krevjande å ha så mange barn med RS.
– Mange av desse borna er veldig dårlege og treng tett oppfølging. Me får låne tilsette og rom frå andre avdelingar, men det er klart det er krevjande, seier ho.
No håpar ho at også dei vil sjå same smittetrend som i Bergen og andre deler av landet.
– Det ser ut som me ligg ei halvanna veke bak Bergen når det gjeld smittetrykk. Det er ingenting som er betre enn å få færre pasientar, seier Killevik.
Neste rapport for landsdekkande tal på RS-tilfelle kjem først onsdag.
– Sjølv om utbruddstoppen kan vera nådd i Noreg, vil nivået av RS-virus framleis vera høgt dei næraste vekene. Det vil nok fortsette å krevje mykje av helsetenesta, seier Stoltenberg.
BEST SAMAN: Tvillingane er mest nøgd om dei får ligge saman. På Haukeland måtte dei stort sett ligge kvar for seg. Her er dei heime i stova i Bergen.
Foto: Synne Sørenes / NRKFint å sjå at det går bra
I Bergen har Johannes og Alma fått reise heim etter totalt 12 døgn på sjukehus.
No er dei nybakte tvillingforeldra klare for rolegare tider.
– No skal me berre slappe av, ler mor Jacobsen som kunne fortelje at første natt heime vart ei av truleg mange kommande vakenetter. Å ha nyfødde tvillingar og ein 2-åring er ikkje berre, berre, RS-virus eller ei.
KAN LE NO: Peder Lofnes Hauge og Line Berggreen Jacobsen fekk ein tøff start på livet som trebarnsforeldre.
Foto: Synne Sørenes / NRKLikevel har dei fått tid til å tenkje over kva dei har vore med på.
– Me er så takksame for hjelpa me fekk frå dei tilsette ved Haukeland. Me såg at dei hadde det travelt, men me følte oss trygge, seier trebarnsfaren og legg til:
– Me har fått koronapandemien litt i perspektiv no. At alle føl smittevern og gjer den innsatsen som trengst er heilt naudsynt for å halde sjukehusa opne.
– Og det gjekk bra. Det var skremmande og alt anna enn kjekt. Men det gjekk bra, seier Jacobsen til sist.
HEILT FERSKE: Som ein månad gamle har dei vore meir på sjukehus enn heime. No håpar foreldra at dei får vere heime ei god stund.
Foto: Synne Sørenes / NRK