Hopp til innhold

Røynd sportsjournalist har skrive bok om idrettsheltane i fylket

FØRDE (NRK): I ei årrekkje har romsdalingen dekka idretten i Sogn og Fjordane som sportsjournalist, no har dei beste historiene hamna i bok.

Rune Fossum Lillesvangstu

DEBUT: Boka til sportsjournalist Rune Fossum Lillesvangstu er bokdebuten til den røynde reporteren.

Foto: NRK

– Det er så mange gode idrettsutøvarar som kjem ifrå dette fylket her. Eg håpar eg har klart å samle historier som kan gjere folk stolte over at dei kjem frå Sogn og Fjordane.

Forfattar Rune Fossum Lillesvangstu debuterer med boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane».

Sidan 1999 har Lillesvangstu vore ein av dei som har følgt sportslivet i fylket aller tettast. Som sportsjournalist i Firda og NRK Sogn og Fjordane har han blitt glad i å fortelje dei gode historiene om dei som presterer utanom det vanlege.

– Det menneskelege ved desse historiene er ofte like interessant som det reint sportslege. Eg har forsøkt å grave litt i kva det er som rører seg i hovuda på dei som verkeleg lukkast i idretten.

Fosshaugane gjorde stort inntrykk

Allereie ti år før han skulle slå seg ned i fjordfylket, fekk den røynde sportsjournalisten sitt første møte med Sogn og Fjordane. I 1989 hadde han ståplass til kampen mellom Molde og Sogndal på Fosshaugane.

– Min idrettsinteresserte familie lasta opp bilen med fire ungar og køyrde via Geiranger, Strynefjellet og over Sognefjellet til Sogndal. Det gjorde stort inntrykk på meg den gongen å kome til Fosshaugane, mimrar Lillesvangstu.

Håkon Fimland passerer hekk

HELT: Håkon Fimland er ein av idrettsheltane Rune Fossum Lillesvangstu har skrive om.

Foto: Knut Ed Holm

Har brukt meir enn to år

Lillesvangstu har brukt to og eit halvt år på å skrive boka med 50 historier. Noko av det som har vore mest vanskeleg er å bestemme seg for kva historier han ikkje skulle fortelje.

– Det velje vekk historier har vore krevjande. Eg kunne ha fortalt 100 historier utan at det hadde vore noko problem, men eg måtte velje ut nokre.

Forfattaren fortel at han har haldt seg til dei olympiske greinene, og til skyting.

– Dette har vore folkesportar i ualminnelege tider, eigentleg. Når eg då også har leita fram dei som har hevda seg internasjonalt, har det gitt ei avgrensing. I tillegg har tenkt på ein geografisk balanse.

Fire har gått bort

Sidan Lillesvangstu tok til med bokprosjektet, har fire av dei han har intervjua gått bort. Arne Haukås, Knut Osnes, Håkon Fimland og Kjellfred Weum gjekk ut av tida før boka var klar.

– Fire av dei eg har skrive om fekk aldri oppleve at boka kom ut. Det er veldig spesielt å tenke på at eg fekk børsta støv av historiene deira, og heidra dei før det var for seint.

Knut Osnes

BOSSEN: Knut "Bossen" Osnes er ein av idrettsheltane som Rune Fossum Lillesvangstu har skrive om i boka si. Han spelte fotball, og trente Lyn til store internasjonale bragder.

Foto: Rune Fossum / NRK

Les nokre av sakene her

Fleire av dei gode historiene til Rune er basert på reportasjar han skreiv medan han jobba som journalist i NRK Sogn og Fjordane. Her kan du lese nokre av dei:

Kjellfred Weum – Det tjuven ikkje visste

Arne Haukås – Krøplingen som vart storløpar

Knut Osnes – Kometen frå det store intet

Håkon Fimland – Trente hekk i skulekorridoren

Lars L. Ese – Den største stjerna på skyttarhimmelen