Hopp til innhold

Røykutvikling på fabrikk i Florø – ingen skadde

Ingen vart skadde då det rauk frå fiskefôrfabrikken Ewos i Florø. Olje skal vere kjelda til røyken.

EWOS i Florø og Pelagia Florø

ARKIVBILETE: Biletet av fiskefôrfabrikken er teke i ein annan samanheng.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet opplyser at røyken skal ha vore kvit.

Alle på staden er ute av bygget, opplyser politiet, og ingen skal ha fått røyk i seg.

– Det ser ut til at det ikkje har vore opne flammar, seier Per Algrøy ved operasjonssentralen.

Politiet opprettar ikkje sak på hendinga. Ved Alarmsentralen stadfestar dei at brannvesenet er i ferd med å avslutte arbeidet.

Politiet har fått det forklart at ein tank med rapsolje har blitt varma opp og noko av innhaldet skal ha leke ut på golvet. Røyken skal ha kome frå innhaldet.

Algrøy seier at det ikkje verkar dramatisk per no, og at brannvesenet er på plass og har kontroll på situasjonen. Ingen er skadde, og alle personane på staden er gjort reie for.

Laster Twitter-innhold