Hopp til innhold

Røyking og drikking er ut blant dei unge

Stadig færre tenåringar seier dei drikk alkohol eller nyt sigarettar.

Ungdomsfyll

FÆRRE: Om lag kvar tiande elev i tiande klasse seier dei ein gong har vore fulle, noko som er kring 30 prosent færre enn ved førre undersøking for fire år sidan.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Ferske resultat frå den landsomfattande spørjeundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar» syner at ungdom seier dei er meir måtehaldne med alkohol og røyk enn tidlegare.

Om lag kvar tiande elev i tiande klasse seier dei ein gong har vore fulle, noko som er kring 30 prosent færre enn ved førre undersøking for fire år sidan. Ekspertane meiner ei langvarig trend held fram.

– Det kan vera at ungdom vel å utsetja alkoholdebuten sin. Det er jo det dei nasjonale kampanje også jobbar for – at ungdommar skal ha eit kontrollert og moderat alkoholforbruk, fortel professor i helsepsykologi, Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen.

– Drikking og røyking er ut

Det er 4500 norske tenåringar på 11, 13, 15 og 16 år som er spurt i den landsomfattande undersøkinga frå UiB.

Elevar som NRK har møtt ved Fjell ungdomsskule fortel at det har skjedd ei endring i drikke- og røykekulturen blant unge.

– Det er ikkje kult lenger, det er det mange som har innsett.

– Det er framleis mange som drikk trur eg, men kanskje ikkje så mykje og heller ikkje så ofte.

Jenter opplever slankepress

SUNN UNGDOM: Drikking og røyking er ut, slår elevane på Fjell ungdomsskule fast. (Frå v.) Ingrid Bjørneberg, Nora Savland, Alexandra Lillebø, Hedda Teige og Anna Teige.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Norsk ungdom nyttar stadig mindre rusmiddel. Den delen av ungdomsskuleelevar som opplyser at dei røyker, er no mindre enn to prosent. Det har vore ein jamn nedgang for røyking blant ungdom sidan 1990-talet.

– Det finst nesten ikkje ein ungdom som røykjer no. Vi ser også at snusbruken har gått ned, saman med alkoholbruken, forklarar professor Samdal.

– Røyking er ut, det er ikkje populært og det er også vanskeleg å skjula. Lukta er heilt forferdeleg, kommenterer ungdommane på Fjell.

Oddrun Samdal

FORKLARAR: Professor Oddrun Samdal.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Sunnare – men slit med helseplager

Måndag presenterte NRK fleire tal frå rapporten til UiB. I tillegg til rusmiddelbruk, har undersøkinga også tatt føre seg kroppspresset hjå unge i dag.

Eit faresignal viser seg – to av fem jenter på 16 år fortel at dei slankar seg. Fleirtalet heilt utan at dei treng det, ifølge ekspertane. Kroppspresset blant er så stort at det kan vere skadeleg.

Undersøkinga syner altså at ungdom er sunnare i form at rapporterte matvanar og rusmiddelbruk, men samstundes opplever dei store belastningar i form av helseplager og skulestress.

Samdal meiner den reduserte rusbruken syner at helsa er viktigast for dei unge.

– Det går inn i ein generell sunnheitsprofil, og at ein ynskjer å ha kontroll på egen åtferd. Det går inn i ein sånn heilskap.