Rotevatn vil bli Venstre-leiar – men kan slite med plass på Stortinget

Venstre står i fare for å velje ein partileiar som kan stå utan mandat på Stortinget neste år. Likevel meiner valforskar det er «pinglete» om Rotevatn stiller i Oslo framfor Vestland.

Sveinung Rotevatn vil bli ny Venstre-leiar, men kan slite med å få plass på Stortinget.

TOPPKANDIDAT: Sveinung Rotevatn vil bli ny Venstre-leiar, men kan slite med å få plass på Stortinget.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Om to månader skal Venstre velje ny leiar. Samstundes er partiet i gang med finne ut kven som skal bli toppkandidatane deira i stortingsvalet neste år.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er den som har gått høgst på bana for å ville overta leiarvervet. Men blir han valt, står Venstre i fare for å få ein partileiar utan plass på Stortinget.

I valet 2017 mista han eit utjamningsmandat for Sogn og Fjordane til KrF. Det er langt frå sikkert at han kan vinne det tilbake.

– Det ville vere «gambling», litt bingo å stille derifrå, seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen.

– Litt «pinglete»

Svein Tore Marthinsen

VALEKSPERT: Svein Tore Marthinsen er valanalytikar.

Foto: Privat

Éi løysing kan vere å stille som førstekandidat i Sogn og Fjordane og i Hordaland, men fylkeslaget i Vestland har vedteke at dei to valkrinsane skal ha separate lister.

– Ein må stå på lista enten den eine eller den andre staden, seier Atle Hamar, leiar for nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane.

Ei anna løysing er at leiarkandidaten stiller i Hordaland åleine eller i dei enno meir sikre valdistrikta Oslo eller Akershus. Venstre har det siste året hatt rundt 3 prosent oppslutning på landsbasis. Det gjer at det også kan halde hardt å få Hordaland-mandatet.

Likevel har Marthinsen lita tru på at Rotevatn søker seg austover for å sikre seg stortingsplass.

– Rotevatn har sagt at Venstre skal bli eit 10 prosent-parti. Ved å stille frå Oslo signaliserer han at han ikkje har heilt trua på det. Det er litt «pinglete». Det viser at du ikkje har tru på noko særleg meir enn 3 prosents oppslutning, seier Marthinsen.

Ulvik støttar Breivik

Spørsmålet er då om hordalendingane ønskjer å ha ein nordfjording som listetopp.

Og ikkje minst kva som då vil skje med dagens representant og nestleiar i partiet, Terje Breivik.

Breivik har enno ikkje sagt om han vil ta attval, men ønska i vår å halde fram i partileiinga.

10. juni var fristen for lokallaga i Hordaland til å spele inn kandidatar til vallista. Ein ringerunde NRK har gjort i valkrinsen, viser at Breivik får mest støtte i sin eigen kommune, Ulvik. Der fekk Venstre heile 14,3 prosents oppslutning i kommunevalet i haust.

– Vår kandidat er Terje Breivik. Han har gjort ein god jobb for partiet over fleire år og er ein god mann for Distrikts-Noreg, og Vestland fylke, skriv Reidar Meel, representant i Ulvik heradsstyre, i ein SMS til NRK.

F.v. Terje Breivik og Abid Raja i Venstre.

VENSTRE-PROFILAR: F.v. Venstre-nestleiar Terje Breivik og statsråd og mogleg leiarkandidat Abid Raja i Venstre.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Opnar for Rotevatn

Fleire andre lokallag er i utgangspunktet positive til Breivik, men seier dei er opne for Rotevatn.

– Det er utruleg viktig at dei som sit i leiartrioen har høve til å fungere som politikarar på heiltid. Eit mandat frå Hordaland er sikrare enn eit mandat frå Sogn og Fjordane, seier Ane Breivik i Bergen Venstre.

Sjølv stiller ho som kandidat for Unge Venstre og ønskjer seg 2.-plass på Hordaland-lista. Ho er elles ikkje i slekt med nestleiaren i partiet.

– Ein heilgardering

I Sunnhordland kallar Sveio Venstre det «ein heilgardering» om ein skulle gå for Rotevatn i Hordaland.

– Eg har ingenting mot Terje Breivik, men eg trur vi for Venstre sin del bør satse på Sveinung. Han er yngre og klarar å vere eit bindeledd mellom Unge Venstre og Venstre, seier lokallagsleiar Bernhard Endseth Nerland.

Verken Sveinung Rotevatn eller Terje Breivik har svara på NRKs spørsmål om saka.