Hopp til innhold

NRK erfarer: Rotevatn inn som statsråd

Etter det NRK erfarer blir Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid ny klima- og miljøminister.

Sveinung Rotevatn på nominasjonsmøte

KAN SMILE: Ifølgje kjelder NRK har snakka med blir Sveinung Rotevatn ny klima- og miljøminister i morgon.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Sveinung Rotevatn og Abid Raja går inn i regjeringa.

Det sa politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, i Dagsnytt 18 i kveld.

Dei siste timane har det kome fleire hint om korleis ei ny regjering kan bli sjåande ut.

Rotevatn har sidan hausten 2018 vore statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen. No blir truleg Elvestuen erstatta av Rotevatn.

I 2013–2017 sat Rotevatn på Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, og før den tid var han leiar i Unge Venstre.

Stolt partikollega

– Dersom dette er riktig er det fantastiske nyhende for Nordfjordeid og Nordfjord.

Det seier partikollega og fungerande leiar i Vestland Venstre, Alfred Bjørlo, til at sambygdingen no skal sitje ved kongens bord.

– Vi får ta eit lite atterhald til vi ser dei går ut på slottsplassen, seier han.

Bjørlo meiner Rotevatn er ein av dei fremste politikarane i sin generasjon uavhengig av parti. No ser han fram til å samarbeide med statsråden.

– Er dette rett blir det eit aldri så lite flagg og jubling her frå mi side, seier nordfjordingen.

Formelt sett er det kongen i statsråd som utnemner nye statsrådar. Det er venta å skje i morgon føremiddag. Endringane skjer etter at Frp sa dei ville gå ut av regjeringa.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Rotevatn.