Røssland går av som byråd i Bergen

Finansbyråd Liv Røssland (Frp) trekkjer seg som byråd i Bergen etter krangel med Høgre om sal av tomteselskap.

Liv Røssland

GÅR AV: Finansbyråd Liv Røssland (Frp) i Bergen.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Som bergensavisene og NRK melde i helga, så har finansbyråd Liv Røssland (Frp) brukt helga i tenkeboksen. Etter torsdagens møte i bystyret skal finansbyråden ha vore svært frustrert, då saka som sal av Bergen tomteselskap ikkje gjekk gjennom.

No skriv Bergensavisen at Røssland har gitt byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) beskjed om at ho går av. NRK får bekrefta det same frå fleire kjelder.

– Utsetjinga av salet av tomteselskapet er den siste utløysande faktoren. Men det har vore fleire saker der Røssland har opplevd at det har vore vanskelege å få forståing for kor krevjande situasjonen er, sa hennar politiske rådgjevar Sara Berge Økland til NRK i går kveld.

SISTE: – Eg har ikkje blitt lytta til

Føler seg motarbeidd

Økonomien i Bergen er alt anna enn god for tida og kommunen må truleg selja eigedom for å klara å balansera økonomien. I tillegg til svikt i skatteinntekter og at byrådsavdelingane brukar meir pengar enn dei får tildelt, er gjeldsnivået i kommunen i ferd med å verta farleg høgt.

Men eit snarleg sal av Bergen tomteselskap fekk ikkje gjennomslag i bystyret torsdag og saka er utsett.

Det skal altså ha vore dropen som fekk begeret til å renna over for Røssland. Ho skal føla seg motarbeidd av byrådet sine eigne partigrupper i bystyret.

Spesielt frustrert skal ho vera over gruppeleiar Dag Skansen (H), som skal vera den som fekk bystyret med seg på ei utsetjing av salet av tomteselskapet.

Frustrert

Fleire kjelder tett på byrådet fortel til NRK at Skansen skal ha vore i mot eit sal av Bergen tomteselskap og fronta sitt syn på det i ein byrådskonferanse.

Ovanfor NRK søndag kveld nekta Skansen for at han er i mot eit sal av selskapet.

– Fleire kommentarar vil eg ikkje gi før eg får vita dei faktiske forholda i saka, og dei får eg først vita måndag, sa Skansen i går.

Liv Røssland har vore finansbyråd i Bergen sidan 2010, i ein kommune som stadig får forverra sin økonomi. I desember måtte ho innføra eigedomsskatten igjen for å bøte på økonomien.