Hopp til innhold

Rosen hagla over fylkesmannen

Onsdag 15. juni har Oddvar Flæte siste dag på kontoret. Måndag kveld vart fylkesmannen offisielt takka.

Etter 17 år i embetet, stod talarane i kø for å heidre statens mann i Sogn og Fjordane.

Sjølv skildra Oddvar Flæte tida som ein draumejobb.

– Det å få bu og verke i sitt eige fylke er eit privilegium. Så gler eg meg til neste fredag å reise på honnørbillett til Bergen og sjå Brann tape for Sogndal, avslutta hovudpersonen.

– Ein brubyggjar

Heile det offisielle Sogn og Fjordane var til stades då fylkesmann Oddvar Flæte vart offisielt takka av under ein middag på Kviknes hotel i Balestrand. Då Flæte tok over etter Ingvald Ulveseth i 1994, var han den yngste fylkesmannen i landet - og den første utan politisk bakgrunn.

Under middagen måndag måtte fylkesmannen tåle mykje ros frå talarstolen. Flæte vart skildra som ein brubyggjar og ein synleg fylkesmann.

– Oddvar, eg ser på deg som ein bauta blant fylkesmennene. Som eit tuntre som står fast. Du er respektert blant dine kollegaer, sa fylkesmann i Møre og Romsdal, Lodve Solholm.

– Folk fekk hakeslepp

Assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre skulle gjerne hatt Flæte med nokre år til.

– Det er ganske nøyaktig eit halvt år sidan at heile embetet var samla i dette lokalet, for å planleggje 2011. Då slapp Oddvar bomba med først å konstatere at han ville gå av som fylkesmann til sommaren. Då fekk folk hakeslepp, fortalde ho.

(Artikkelen held fram under lydklippet)

Til Sogndal Fotball

Tidlegare statsråd i Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Heidi Grande Røys, var Flæte sin sjef i fire år.

– Av ein eller annan grunn, så vart det veldig naturleg å ringje til deg når eg trengde å lufte nokre tankar eller rett og slett spørje om råd, sa ho.

Med Flæte som mangeårig medlem, var Leikanger mannskor eit sjølvsagt innslag under festmiddagen. Og korkammeret let det ikkje gå upåakta hen at han no skal vere konsulent for Sogndal Fotball.

Beundra Flæte

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete representerte regjeringa under avtakkinga.

– Først og fremst forbind eg Oddvar med utvikling. Eg har beundra hans arbeid, ikkje minst med at han er engasjert i IT-forum som har gjort ufatteleg mykje for Sogn og Fjordane på IT-sektoren. Han har vore utviklingsorientert i høve til å tenkje framover, sa Navarsete.

– At det blir lett å fylle skoa etter han Oddvar, det blir det ikkje, la ho til.

(Artikkelen held fram under lydklippet)

– Har kvidd meg

– Det er nesten ikkje mogleg å finne ein kombinasjon av ord, og sette dei saman til setningar som kan seie noko meir godt om deg, enn det som er sagt i dag, starta fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, då han skulle takke for maten.

Då hadde Flæte allereie blitt rosa for å vere flink med folk og ros, som ein inspirerande leiar og som ein ryddig og real fylkesmann.

– Eg har eigentleg kvidd meg til dette. Eg veit at når du har ei slik samling, så får du høyre konstant ros. Det er ganske krevjande å ta i mot. Så eg har skrive eit manus som seier at eg takkar for alle velvalde ord, takka Flæte.