Hopp til innhold

Rosar Brann for at dei held på Norling

I dag må Brann vinna skal det vera håp om eliteseriespel også neste år. Det meiner Raymond Kvisvik. Han rosar klubben for at dei held på sin svenske trenar trass ein dårleg sesong.

Raymond Kvisvik

SUPER-RAY: Raymond Kvisvik gjorde seg populær hjå Brann-fansen. To gonger var han med å redde klubben frå nedrykk.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Spelarane er nøgd, men sjølvsagt ikkje nøgde med poengfangsten. Likevel trur eg det ikkje ville vore riktig om ein køyrde ein kortsiktig og lettvint løysing med å sparke trenaren å hente inn ein ny, seier Kvisvik til NRK.

Skjebnekampane står i kø for Brann i oktober og november. Den tidlegare Brann-helten har trua på at trenar Rikard Norling er riktig mann til å få laget på riktig side av streken.

– Eg rosar Brann for at dei held på Norling. Så satsar vi på at dette går bra og så kan ein byrja på nytt i 2015.

Var med å berge plassen

Men å kjempa for overleving i toppen av norsk fotball er faktisk ikkje noko nytt for raudtrøyene. Kvisvik kom til Brann to gonger medan dei låg nedst på tabellen. Både sommaren 1998 og sommaren 2003.

Begge gangane var han med på berge plassen i eliteserien.

– Det er ikkje berre eg som kom, det var fleire, ler Kvisvik.

– Det handlar meir om å trykka på dei riktige knappane. Viss spelarane no kan prøve å nullstille seg og heller gleda seg til kamp, så har dei byrja i riktig ende.

Tykkjer synd i Brann

På andre sida av bana i kveld står Sarpsborg 08. På laget har dei fleire spelarar der hjartet bankar litt ekstra for motstandaren denne gongen.

– Eg tykkjer synd i Brann. Eg har sett dei fleste kampane og dei har hatt mykje uflaks. No har det nok byrja å brenne under føtene deira, seier målvakt og Varegg-gut Gudmund Kongshavn.

I forsvaret er det Kjetil Berge frå Kvinnherad som skal stoppe skyssen frå desperate Brann-spelarar. Han har lenge hatt sesongkort på Stadion.

– Brann er laget mitt i Norge, så det er litt spesielt. Men no har eg spelt i Sarpsborg så lenge at eg håpar vi vinn.

– Men det reknestykket går vel ikkje heilt i hop?

– Eg har faktisk sjekka det, dei er ikkje heilt fortapt om dei taper mot oss i kveld, ler Berge.